Hornet på Magerøya

71°9′49″N 25°48′55″E / 71.16361°N 25.81528°E / 71.16361; 25.81528

Hornet

Hornet (nordsamisk Čoarvi) er ein hornforma fjellformasjon nordaust på Nordkapphalvøya på Magerøya i Nordkapp kommune. Hornet ligg aust for Nordkapplatået, ved Vestfjorden. Grunna utom Hornet heiter Horngrunnen og sør for Hornet ligg Hornvika.

Hornet i bakgrunnen, Kirkeporten i framgrunnen. Vestfjorden i mellom.
Foto: Jurek Durczak

I samisk folketru har Hornet vore ein sieidi, eit offerfjell.[1]

Ved Skarsvåg kan ein sjå Hornet gjennom fjellformasjonen Kirkeporten. Det er òg eit populært fotomotiv.

Kjelder

endre
  1. Nettstaden Komsa i tid og rom, arkivert frå originalen 13. november 2009, henta 20. oktober 2008 

Bakgrunnsstoff

endre