Vestfjorden ved Nordkapp

fjord i Nordkapp kommune

Vestfjorden er ein fjordMagerøya i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden ligg like aust for sjølve Nordkapp og strekkjer seg 6,5 km sørvestover til botn av den vesle Mefjorden.

Fjellformasjonane Hornet og Kirkeporten på kvar si sida av Vestfjorden.
Foto: Jurek Durczak

Fjorden har innløp mellom Nordkapp i vest og Store Stikka i aust. Det kjende landemerket Hornet ligg på vestsida av fjorden. I den ytre delen av fjorden er det berre holmane Store og Litle Stikka som markerer den austlege grensa, men lenger inn går fjorden inn på vestsida av Børneset. På austsida av Børneset går Risfjorden inn til Skarsvåg. Inst i Vestfjorden deler Støvelneset fjorden i to. Vestfjorden held fram på vestsida til botn, medan Mefjorden går på austsida av neset. Ved Mefjorden ligg òg landemerket Kjerkeporten.

Inst i Mefjorden ligg det eit hus, men elles er det ingen bygg ved fjorden.

71°7′45.160″N 25°48′45.180″E / 71.12921111°N 25.81255000°E / 71.12921111; 25.81255000