71°6′46.573″N 25°49′27.203″E / 71.11293694°N 25.82422306°E / 71.11293694; 25.82422306

Skarsvåg.

Skarsvåg er ei bygd i Nordkapp kommune i Finnmark fylke.

Bygda ligg ved Risfjorden nordaust på Magerøya, og er rekna som det nordlegaste fiskeværet i verda. Det bur om lag 80 menneske her (2011).

I Skarsvåg er det ein fjellformasjon, Kirkeporten, som er ein førkristen samisk offerstad med utsyn mot Nordkappklippa og Nordkapphornet. Det er også eit kapell frå 1961 og campingplass i området.

Kjelder endre

«Skarsvåg» i Store norske leksikon, snl.no.