Hornnes kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1828Hornnes i Evje og Hornnes kommune kommune, Agder fylke.

Hornnes kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Evje og Hornnes
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Otredal
Sokn Hornnes
Fellesråd Evje og Hornnes
Stad Hornnes i Setesdal
Type Åttekant
Arkitekt Leg Askildsen Hallingskaar og Lars Larsen Forsæth
Material tre
Innvigd 1828
Skip Åttekant
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 300
Kart
Hornnes kyrkje
58°33′33″N 7°46′25″E / 58.5593°N 7.7735°E / 58.5593; 7.7735
Wikimedia Commons: Hornnes kirke

Bygget er i tre og har 300 plassar. Interiøret er uvanleg ved at preikestolen står midt i kortrappa framfor alteret.[1]

Planlegginga av ny kyrkje byrja i 1825 då presten sende brev til biskopen med forslag vedlagt teikning. Det er uklart om denne teikninga vart brukt eller om det var departementet som sørga for teikning. Byggearbeidet tok til sommaren 1826.[2]I byggekomiteen for den nye kyrkja sat mellom anna den kjente haugianar og stortingsmann Ole Torgrimson Fennefoss. Sokneprest Poul Brodal Lassen (1795-1885) arbeidde saman med haugianarane og enda opp med eit enkelt ope kyrkjerom med preikestolen i sentrum. Teikninga for Hornnes kyrkje vart laga etter Lars Larsen Forsæths teikning av Klæbu kyrkje frå 1790, men byggmeister Leg Askildsen Hallingskaar følgde ikkje teikninga heilt og bygde dels etter eige hovud. Etter 1825 vart det reist 10 åttekantkyrkjer i de indre bygdene Agder, og Hornnes vart et førebilete for dei andre kyrkjene. Mellom anna er Årdal kyrkje i Bygland oppført etter same teikningar.[1] Truleg er også Hægeland kyrkje utforma etter mønster av Hornnes kyrkje.[3]

Foto: Christian Christensen Thomhav

Inventar endre

Det eldste inventaret i kyrkja er truleg døypefonten i kleberstein som står heilt framme i koret og ikkje er i bruk. Ingen veit kor gamal den er, men ifølgje inventarlistene har den ikkje vore i bruk dei siste 300 åra. Den er frå den tida dåpsborna vart dukka heilt under i vatnet. Døpefatet som er i bruk, er også over 300 år gamalt.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Nilsen, Sigrid (1985): Åttekantkirkene på Agder 1825-1850. Årsskrift for Agder Historielag, årgang 61, s.55-63.
  2. Kallhovd, Olaf (1928). Festskrift til Hornnes kyrkje sitt hundradaars-jubileum. 
  3. Anonym (Jon Åsen?) (1930). Hægelands kyrkje gjennom 300 år. Skriftnemnda.  [Trykt i Agder Tidends prenteverk]

Bakgrunnsstoff endre