Hornsea Mere er den største naturlege innsjøen i Yorkshire[1] og ligg vest for Hornsea i East Riding. Han har eit areal på 1,89 km², er 3,2 km lang, 1,2 km brei og 3-4 meter på det djupaste. Innsjøen er ein populær turistattraksjon med aktivitetar som roing, segling, båtturar og fisking.

Hornsea Mere
innsjø
Swan Island, Hornsea Mere
Land  Storbritannia
Lengd 3,2 km
Breidd 1,2 km
Areal 1,89 km²
Største djupn 3,7 m
Koordinatar 53°54′20″N 0°11′10″W / 53.90556°N 0.18611°W / 53.90556; -0.18611
Kart
Hornsea Mere
53°54′20″N 0°11′10″W / 53.905555555556°N 0.18611111111111°W / 53.905555555556; -0.18611111111111
Wikimedia Commons: Hornsea Mere

Området har status som Special Protection Area (særskild verneområde) på grunn av det grunne vatnet med mange myrplanter. Her finst mange fugleartar gjennområdet, og særleg viktig er trekkfuglbestanden av snadreand.

Kjelder

endre
  1. «Hornsea Mere». Joint Nature Conservation Committee. 2001. Arkivert frå originalen 8. oktober 2009. Henta 28. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff

endre