Snadderand

art av andefuglar
(Omdirigert frå Snadreand)
Snadderand
Snadderandhann
Snadderandhann
Snadderandhoe
Snadderandhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av snadderand
Utbreiinga av snadderand
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Anserimorphae
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Slekt: Mareca
Art: Snadderand M. strepera
Vitskapleg namn
Mareca strepera

Snadderand (Mareca strepera, tidlegare Anas strepera) er ein fugl i andefamilien som lever i Noreg. Fuglen er ført opp på norsk raudliste 2006, i kategorien sårbar (same kategori som oter og snøugle).

Skildring endre

Snadderanda er med ei lengd på 46–56 cm, eit vengespenn på 78–90 cm og ei tyngd på 850–1000 gram, noko mindre enn stokkanda. Samanlikna med denne er snadderanda noko slankare og har smalare vengar. I alle drakter har fuglen ein kvitaktig buk. Ein artstypisk karakter er den kvite vengespegelen men den kan vere liten eller heilt fråverande på juvenile fuglar og syns best på adulte hannar. Hannen i praktdrakt er i hovudsak fint gråvatra, med matt gråbrunt hovud og vele, og markant svart over- og undergump. Dei lengste skulderfjørene er mørke med brei lyst gråbeige brem. Oversida på venger er grå med ein kvit og ein svart vengespegel, og med svarte og rustraude parti på armdekkfjørene. Nebben er gråsvart og beina klart gule. Hoa, og hannen i eklipsedrakt, liknar stokkand, men skil seg frå denne på den kvita vengespegelen, dei mørkgrå tertialane, den annleis farga nebben med ubroten mørk nebbrygg omgjeven av oransje kantar, og den lyse buken. Juvenile fuglar viser større kontrast mellom det gråtonte hovudet og den varmbrune kroppen, til skilnad frå den meir jamt lysbrune stokkanda i same drakt.

Utbreiing og systematikk endre

 
Ein vaksen hann på land der ein kan sjå dei klargule beina og den lyse buken.

Snadderanda hekkar i Europa, Asia og det sentrale Nord-Amerika. Ein liten populasjon hekkar også i Marokko nordvest i Afrika. I Europa hekkar fuglen lokalt på den iberiske halvøya, i Storbritannia, på Island, i Skandinavia, Baltikum, det sentrale og austlege Europa og sørover til Midtausten. Frå det europeiske Russland og austover har arten eit meir samanhengande utbreiingsområde i eit belte over dei sentrale delane av Asia så langt aust som det nordaustre Kina og Primorje kraj, men også lokalt i austre HokkaidoJapan og i Kamtsjatka. I Nord-Amerika strekker hekkeområdet seg frå Saint Lawrence-elva, over dei store sjøane, Alberta, Saskatchewan, Dakota, søre delane av Kansas, og vest til California, og utmed Canada sin stillehavskyst og dei søre kysttraktene i Alaska. Utbreiingsområdet mot det austre Nord-Amerika verkar å auke.

Storparten av dei nordlege populasjonane er utprega trekkfuglar og den palearktiske populasjonen flyttar sørover om vinteren og førekjem då i middelhavsområdet, i det nordlege og austre Afrika så langt sør som Etiopia og Eritrea, i India, det sørlege Japan og søraustre Asia. Den nordamerikanske populasjonen overvintrar frå kystområda i Alaska og sørover til Mellom-Amerika og austover til Idaho, Kansas, Ohio, Virginia, og vidare sørover til Mellom-Amerika og Bahamas i Vestindia. Hekkepopulasjonar i tempererte område, t.d. i Vest-Europa, er i hovudsak standfuglar og flyg berre vekk frå isen. Snadderanda førekjem året rundt utmed Nord-Amerikas sin vestkyst.

Snadderanda førekjem no berre med ein underart. Ein utdøydd underart er kjend, denne hekka på øya Teraina i Polynesia.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre