Hot 'Lanta
Hot 'Lanta Song av The Allman Brothers Band frå albumet At Fillmore East | ||
Utgjeve | Juli 1971 | |
Sjanger | ||
Lengd | 5:17 | |
Selskap | Capricorn | |
Låtskrivar(ar) |
---|
«Hot 'Lanta» er eit instrumentalstykke framført av Allman Brothers Band. Det debuterte på konsertalbumet At Fillmore East, gjeve ut i juli 1971 som det femte sporet på albumet. «Hotlanta» er eit kontroversielt kallenamn for Atlanta i Georgia, og er eit portmanteau av orda «heit» (hot) og «Atlanta».
Komposisjon
endreSongen byrjar med ei fråsegn av temaet, etterfølgd av soloar frå Gregg Allman (orgel), Duane Allman (gitar) og Dickey Betts (gitar). Deretter følgjer ein trommepause (i duett) og ei gjentaking av temaet, som blir avslutta med ein dissonant akkord som går over i ein drone av orgel og intermitterande vesletromme-valsar, for så å veksa til eit mektig crescendo som blir framheva av trommeslagaren Butch Truckss paukar-spel.
Komposisjonen har fellestrekk med jazzrock og progressiv rock.[1]
I 2021 vart songen spelt av Deep Purple som ein del av ein medley på albumet deira Turning to Crime.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hot 'Lanta» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Martin, Bill jr. (14. desember 2015). Listening to the Future: The Time of Progressive Rock, 1968-1978 (på engelsk). Open Court. ISBN 9780812699449.