Hot Love
Singel av T. Rex
B-side

«Woodland Rock»/«King of the Mountain Cometh»

Utgjeve 12. februar 1971
Sjanger Glamrock
Lengd 3:14
Selskap Fly Records
Tekstforfattar Marc Bolan
Låtskrivar(ar) Marc Bolan
Produsent Tony Visconti
T. Rex-kronologi 
«Ride a White Swan»
(1970)
Hot Love «Get It On»
(1971)


«Hot Love» er ein song av det britiske glamrockbandet T. Rex frå 1971. Songen vart gjeven ut som singel og vart den første førsteplassen for bandet i Storbritannia, der han låg i seks veker frå byrjinga av mars 1971. Singelen gjorde det ikkje særleg bra i USA, der han berre nådde 72. plass på Hot 100. Songen nådde 47. plass i Canada i juni 1971. Det var òg den første T. Rex-singelen med både bassgitar og trommer. Han vart særleg populær etter at bandet framførte han på Top of the Pops. Frontmannen Marc Bolan framtrer her i androgyne klede og er dekt i glitter, og var med på å starte glamrockbølgja, som starta med den første singelen hans, «Ride a White Swan».

Andre versjonar

endre

David Essex songen til 57. plass i Storbritannia i 1980. The Fratellis sin «Ooh La Hot Love» er ein kombinasjon av Goldfrapp sin «Ooh La La» og «Hot Love».

Kjelder

endre