Ride a White Swan

Ride a White Swan
Singel av T. Rex
B-side

«Is It Love?», «Summertime Blues»

Språk engelsk
Utgjeve 9. oktober 1970
Innspelt 1. juli 1970
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 2:15
Selskap Fly
Tekstforfattar Marc Bolan
Låtskrivar(ar) Marc Bolan
Produsent Tony Visconti
T. Rex-kronologi 
Ride a White Swan «Hot Love»
(1971)


«Ride a White Swan» er ein song av det britiske glamrockbandet T. Rex som først vart ein hit i 1970, og som vert rekna som starten på glamrockbølgja. Songen var skriven av gitarist og frontmann Marc Bolan.

Då Bolan døydde i ei bilulukke i 1977, mintest dei sørgande Bolan med å lage ein stor svane av blomar under gravferda hans.

Songen er ein av fleire T. Rex-songar som vert nytta i filmen Billy Elliot.

«Ride a White Swan» er spelt av mange andre artistar, mellom anna Naomi Campbell då ho prøvde seg som artist.

Historie endre

Mindre enn eitt år tidlegare prøvde Bolan å gjere ein overgang frå den akustiske stilen til bandet til ein meir elektrisk stil. I tillegg hadde han byta ut perkusjonisten Steve Peregrin Took med Mickey Finn. Kort tid etter vart bandnamnet korta ned frå Tyrannosaurus Rex til T. Rex.[1]

Mottaking endre

Songen vart gjeven ut på singel den 24. oktober. T. Rex hadde lenge lege i nedre del av Topp 40 med tidlegare singlar, men var ikkje særskild kjend hos det store publikum. «Ride a White Swan» klatra sakte, men jamnt og nådde Topp 40 den 31. oktober. Først 11 veker seinare, den 23. januar 1971 nådde songen 2. plassen. Songen nådde 48. plass i Canada.

«Ride a White Swan» gjorde Bolan til ei stjerne og vart gjennombrotet til T. Rex. Oppfølgjaren «Hot Love» gjekk til førsteplassen og vart liggande der i seks veker medan fenomenet glamrock festa grepet.

Framføringar endre

Bolan spelte songen to gonger på Top of the Pops med Mickey Finn på bass. Framføringane medverka stort til suksessen til singelen.

Kjelder endre

  1. «Bestuff - "Ride a White Swan"». Arkivert frå originalen 2. juni 2014. Henta 30. mars 2011.