The Fratellis er eit indierockband frå Glasgow i Skottland. Det blei skipa i 2005 og gav ut debutalbumet Costello Music året etter. Gruppa har nådd den britiske topp ti-lista med singlane «Chelsea Dagger» og «Whistle for the Choir».

The Fratellis

Aktiv2005–
Sjangeralternativ rock, rock, folkpunk, indierock, post-punk revival, bluesrock, garasjerock, pønkrock, indiepop
PlateselskapIsland Records, Interscope Records, Sony BMG Music Entertainment
PrisarBrit Award for British Breakthrough Act

Medlemmane i gruppa er ikkje i slekt, men spelar i bandet under artistnamn der slektsnamnet er «Fratelli». Namnet kjem frå filmen The Goonies frå 1985. Gruppa blei fyrst spelt på radio i 2005, på den skotske stasjonen Beat 106 (seinare XFM Scotland, no Capital Scotland) i programmet Beatscene presentert av Jim Gellatly. Ho fekk kontrakt med Fallout Records etter under 10 show.

Debutalbumet Costello Music kom ut i september 2006, og nådde andreplassen på den britiske albumlista.[1] Etter suksessen vann gruppa Brit Award for British Breakthrough Act i 2007, etter avstemming på BBC Radio One.[2]

Bandmedlemmar

endre
  • Jon Fratelli (fødd John Paul Lawler 4. mars 1979 i Glasgow) – song, gitar
  • Barry Fratelli (fødd Barry Wallace 23. april 1979) – bassgitar
  • Mince Fratelli (fødd Gordon McRory 6. mai 1983) – trommer
Turnémedlemmer

Diskografi

endre
Studioalbum
  • Costello Music (11. september 2006)
  • Here We Stand (9. juni 2008)
  • We Need Medicine (2013)
  • Eyes Wide, Tongue Tied (2015)
  • In Your Own Sweet Time (2018)
  • Half Drunk Under a Full Moon (2021)
Livealbum
  • Live At Glasgow Barrowlands (2006)
EP-ar
  • The Fratellis EP (3. april 2006)
  • Flathead EP (23. januar 2007)
  • Ole Black 'n' Blue Eyes EP (11. juni 2007)
  • The Soul Crush EP (8. september 2014)
Singlar
  • "Henrietta" / "Cigarello" (2006)
  • "Chelsea Dagger"/ "Dirty Barry Stole The Bluebird" (2006)
  • "Whistle For the Choir" / "Nina" (2006)
  • "Baby Fratelli" / "Ooh La Hot Love Live From Glasgow Barrowlands" (2007)
  • "Mistress Mabel" / "Boy Done Good" (2008)
  • "A Heady Tale" / "Lazybones" (2008)
  • "Look Out Sunshine!" / "The Good Life" (2008)
DVD
  • Edgy In Brixton - Live (2007)


Kjelder

endre
  1. «Timberlake takes album top spot» (på engelsk). 17. september 2006. 
  2. «Fratellis win BRIT for British Breakthrough Act - NME». nme.com. 14. februar 2007. Henta 9. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: The Fratellis