Hother Bøttger

arkitekt

Hother Erich Werner Bøttger (18. mai 180128. oktober 1857) var ein norsk bankbokhaldar, stadskonduktør og stortingsmann frå Skien.

Hother Bøttger
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. mai 1801
Skien kommune
Død

28. oktober 1857 (56 år)
Skien kommune

Yrke arkitekt, politikar, stadskonduktør
Språk norsk
Far Johannes Bøttger
Hother Bøttger på Commons
Den nyklassisistiske Noregs Bank i Skien.
Foto: Bitjungle
Tollboden i Skien. Utkast teikna av Hother Bøttger og fullført av Paul Thrane og Tullin Thams.
Foto: Rune Mathisen

Bøttger var son av ein organist. Sjølv utdanna han seg til snikkarmeister, og seinare til arkitekt ved kunstakademiet i København. Han vart i 1834 tilsett som stadskonduktør i Skien og Porsgrunn. Bøttger er kjend for ei rekke ombyggingar, til dømes Skien kyrkje og hovudgarden på Holden, samt teikningane til Noregs banks bygning i Skien. Elles forma han ei rekke teikningar av omnar for Ulefos Jernværk.

Bøttger var stortingsrepresentant for Skien i 1845 og 1857. På fyrste tingsamlinga var han medlem av næringskomite nr 1, medan han i 1857 var sekretær både i desisjonskomiteen og og i komitéen om stortingsbygninga.

Han var medlem av bystyret i Skien frå 1839 og forlikskommisjonen frå 1852. Bøttger var ordførar i Skien frå 1842 til 1843.[1] Han døydde i Skien i 1857.

Verk endre

  • Ombygginga av eksteriøret på Skien gamle kyrkje (1840–1842). Gjekk tapt 1886 i bybrannen.
  • Noregs Banks bygning i Skien saman med Hans Linstow. (1849)[2]
  • Ombygginga av Skien latinskole (1854). Gjekk tapt 1886 i bybrannen.
  • Ombygginga av Holden hovedgård (1850-åra)
  • Tollboden i Skien (1860)

Referansar endre

  1. Ordførerne i Skien, Gjerpen og Solum, arkivert frå originalen 28. august 2008, henta 28. juli 2014 
  2. Varden.no – 2,8 mill. dyrere[daud lenkje] (Av Tom Erik Thorsen – Publisert 26. november 2008, besøkt 11. mars 2009)

Kjelder endre