Hovdevatnet er eit vatn som for det meste ligg i Ørsta kommune, med unntak av eit område i sørvest, som høyrer til garden Ytrestøyl i Volda kommune.

Hovdevatnet
innsjø
Hovdevatnet sett frå Helgehornet. Indrehovdeåsen på bortsida av vatnet, Niven til høgre i bakgrunnen og Melshornet rett i bakgrunnen. I venstre biletkant delar av Ørsta sentrum.
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommunar Volda, Ørsta
Høgd over havet 73 moh.
Areal 0,89 km²
Kystlengd1 4,0 km
Kart
Hovdevatnet
62°11′04″N 6°02′59″E / 62.18431°N 6.04972°E / 62.18431; 6.04972
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Hovdevatnet ligg inst inne på Berkneshalvøya. På nordsida av Hovdevatnet, mot Ørstafjorden ligg Ytrehovdeåsen, og på sørsida ligg Indrehovdeåsen. På vestsida av vatnet, mot Berkneshalvøya, ligg Helgehornet. Naturområda rundt Hovdevatnet er populære turområde, med tillaga stiar. På austsida av vatnet ligg delar av busetnaden i Hovdebygda. Hovdevatnet har avlaup på austsida, den om lag 1,4 km lange Hovde-elva renn gjennom sentrale delar av Hovdebygda til Ørstafjorden.

Eiksundsambandet 653 går langs vestsida av Hovdevatnet, mellom Morkaåstunellen og Helgehorntunellen. Det går veg langs nordsida av Hovdevatnet, frå krysset med Eiksundsambandet, til Hovdebygda og kryss med E39 i Hovdebakken. Det går veg frå kryss med denne vegen til Selbervika ved Ørstafjorden, og kryss der med fylkesveg Fv47 i Møre og Romsdal rundt Berkneshalvøya. Det går også veg frå kryss med Eiksundsambandet ved Ytrestøyl. Denne deler seg like etter, og går vidare via Håskjold til Eikrem, eller til Mork i Volda, begge stader til kryss med fylkesveg 47 rundt Berkneshalvøya.

Ørsta kommune har laga til kommunal badeplass på nordsida av Hovdevatnet.

Hovdevatnet sett frå Saudehornet i Ørsta. Ein kan skimte Eiksundsambandet på bortsida av vatnet. Ytrehovdeåsen i framgrunnen.