Opna hovudmenyen
Eiksundbrua sett frå Eika

Eiksundsambandet er eit tunnel- og bruprosjekt på Sunnmøre, ein del av Riksveg 653.

Den nye vegen går frå Eiksund i Ulstein kommune via Eiksundbrua (405 meter), Eiksundtunnelen (7765 meter), Helgehorntunnelen (1160 meter) og Morkaåstunnelen (630 meter). I tillegg er det bygd 4,9 km ny veg. Til saman har vegprosjektet ein lengd på 14 880 meter, og endar i eit kryss med Europaveg 39 i Volda, nær kommunegrensa til Ørsta.

Eiksundtunnelen, som går under Vartdalsfjorden, har ei djupn på 287 meter under havoverflata. Det er den djupaste vegtunnelen i verda.

Kommunane Herøy, Sande, Ulstein og Hareid, som utgjer regionen Ytre Søre Sunnmøre har vel 22 000 innbyggjarar. Med Eiksundsambandet har dei vorte knytte til fastlandet og saman med Kvivsvegen, som opna i 2012, har prosjektet i stor grad korta ned reisetida til Austlandet.

Dei har også kome nærare Ørsta/Volda lufthamn, Hovden, som ligg vel 1 km frå krysset med E39, og som tilbyr flyruter til Oslo lufthamn, Gardermoen og Bergen lufthamn, Flesland . Som følgje av opninga av Eiksundsambandet vart trafikktilbodet betra, og passasjertrafikken har fått kraftig vekst.

Ein måtte betale bompengar for å få køyre gjennom Eiksundtunellen. Bomstasjonen var på Sørheim på fastlandssida av tunellen. Den automatiske bomstasjonen aksepterte Autopass og etterbetaling via giro eller kontantar. Bompengeinnkrevinga vart avslutta 14. juni 2014.

Utbygginga vart vedteken hausten 2002 i Stortinget. Sambandet vart opna 23. februar 2008 av Samferdsleminister Liv Signe Navarsete. Ved opninga av dette vegsambandet vart ferjesambandet Eiksund-Rjånes innstilt.

Kommunar og knutepunktEndra

  Ulstein

  Ørsta

  Volda kommune


KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra