Cand.scient.

Cand.scient. er forkortinga for det latinske namnet på matematisk-naturvitskapleg embetseksamen av høgare grad som fram til vårsemesteret 2007 blei tildelt ved norske universitet, og som no som følgje av Kvalitetsreforma er erstatta med mastergraden.

Cand.scient. er forkorting for candidata scientiarum for kvinner og candidatus scientiarum for menn.

Grada blei oppnådd på grunnlag av eksamenar som omfatta minst ti semester normert studietid. Den bygde på cand.mag.-grada eller tilsvarende utdanning med tillegg av hovudfag i eit matematisk-naturvitskapleg fag.

Grada danna grunnlag for mellom anna tilsetting i stilling som lektor i skulevesenet.