How Does It Feel av Slade

How Does It Feel
Singel av Slade
frå albumet Slade in Flame
B-side

So Far So Good

Utgjeve 7. februar 1975
September 1975 (USA)
Sjanger softrock
Lengd 3:15 (Amerikansk singel)
4:46 (singel)
5:55 (album)
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
«Far Far Away»
(1974)
How Does It Feel «Thanks for the Memory (Wham Bam Thank You Mam)»
(1975)


«How Does It Feel» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1975 som den andre singelen frå filmmusikkalbumet og det femte studioalbumet deira Slade in Flame. Songen vart spelt inn for filmen med same namn.[1] Han vart skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Han nådde 15. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i sju veker.[2]

Melodien til «How Does It Feel» var den første Lea hadde skrive nokon gong, då han framleis gjekk på skulen.[3]

I 1999 sa Noel Gallagher frå Oasis at songen var «ein av dei beste songane skrivne nokon gong i pophistoria».[4]

B-sida til singelen var «So Far So Good», som òg kom ut på albumet. I USA vart «O.K. Yesterday Was Yesterday» gjeven ut som B-side. Denne var òg frå Slade in Flame.

Format endre

7"-singel
  1. «How Does It Feel» - 4:46
  2. «So Far So Good» - 2:59
7"-singel (Amerikansk utgåve)
  1. «How Does It Feel» - 3:15
  2. «O.K. Yesterday Was Yesterday» - 3:58
7"-singel (Amerikansk promo)
  1. «How Does It Feel» - 3:15
  2. «How Does It Feel» - 3:15

Salslister endre

Liste (1975) Plassering
Den tyske singellista[5] 36
Irish Singles Chart[6] 11
UK Singles Chart[2] 15

Andre versjonar endre

  • I 2001 spelte den engelske rockevokalisten Chris Farlowe inn ein versjon av sporet til hyllestalbumet Slade Remade.[7]
  • I 2006 gav den engelske rockegruppa Def Leppard ut sin eigen versjon av songen som eit eksklusivt bonusspor frå iTunes for albumet Yeah!.[8]
  • I 2016 framførte den engelske songar-låtskrivaren James Blunt ein versjon av songen som ein del av settet hans ved opningsseremonien for Invictus Games 2016 i Orlando i Florida.
  • I 2017 gav den britiske songaren Joanna Forest ut sin eigen versjon av songen på debutalbumet Stars Are Rising. Han vart utgjeven som den første singelen til albumet.[9]

Medverkande endre

Slade
Andre medverkande

Kjelder endre

  1. «Slade - Slade in Flame at Discogs». Discogs.com. Henta 7. oktober 2021. 
  2. 2,0 2,1 «slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 10. oktober 2021. 
  3. Jim Lea interview with Elaine Lamb on Oban FM, 1. august 2017
  4. 1999 BBC documentary It's Slade
  5. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News». Musicline.de. Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 7. oktober 2021. 
  6. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 7. oktober 2021. 
  7. «Online Store». THEmusicINDEX. 23. februar 1998. Henta 7. oktober 2021. 
  8. «Medium: Yeah! [US iTunes Exclusive] - Def Leppard (23. mai 2006)». Second Hand Songs. 23. mai 2006. Henta 7. oktober 2021. 
  9. «Joanna Forest - How Does It Feel? @ Top40-Charts.com - New Songs & Videos from 49 Top 20 & Top 40 Music Charts from 30 Countries». Top40-charts.com. 27. januar 2017. Henta 9. oktober 2021. 

Bakgrunnsstoff endre