Opna hovudmenyen

James Blunt (fødd 22. februar 1974) er ein britisk musikar som opphavleg bar namnet James Hillier-Blount. I mange land, mellom anna Noreg, er han mest kjend for songen «You're Beautiful», som var ein slager sommaren 2005.

James Blunt
James-Blunt3 (cropped).jpg
Fødd 22. februar 1974
Tidworth
Yrke singer-songwriter, musikar, låtskrivar, komponist, songar, pianist, gitarist, vokalist
James Blunt på Commons
Blunt under ein konsert i Seattle, april 2006

Førstealbumet Back to Bedlam fekk fem Grammy Award-nominasjonar, og selde totalt 10 663 000 kopiar verda over. Albumet låg 42 veker på VG-lista, 5 av desse på topp.

Før den kommersielle suksessen var Blunt offiser i den britiske hæren, mellom anna som rekognoserings-offiser under Kosovo-krigen, der han var blant dei første soldatane som gjekk inn i Priština. Songen «No Bravery» fra Back to Bedlam er basert på opplevingar frå krigen.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: James Blunt
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: James Blunt
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.