Huaibei (gul) i Anhui
Utsyn over delar av byen Huaibei

Huaibei (kinesisk: 淮北; pinyin: Huáiběi) er eit byprefektur nord i provinsen Anhui i Kina, på grensa mot provinsen Henan. Prefekturet har eit areal på 2 725 km² og ca. 2,16 millionar innbyggjarar. Byprefekturet Huaibei består av tre distrikt og eitt fylke.

NæringEndra

Store produsentar og selskap innanfor kjemisk industri, bygg og anlegg, maskinindustri, kraft og elektronikk held til i Huaibei. Utvinninga av kol i prefekturet er den største i det austlege Kina, med årleg over 2 000 millionar tonn. Tekstilindustrien i Huaibei er den neste største i Anhui.

Landbruket produserer korn, bomull og avlar husdyr for eksport. Hovudavlingane er kveite, mais, bomull, bønner, ris og potet. Storfe, hest, gris, geit og kanin er vanlegaste husdyra.

SamferdsleEndra

Huabei ligg langs Longhaibana, Kinas viktigaste jarnbanelinje i aust-vest-retning. Denne jarnvegen strekker seg frå Lianyungang til Lanzhou via mellom anna Xuzhou, Kaifeng, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.

KjelderEndra