Kaifeng
Kaifeng (hanzi: 开封; pinyin: Kāifēng) er ein kinesisk storby på prefekturnivå ved elva Huang He i provinsen Henan i det sentrale Kina. Innbyggjartalet innanfor bygrensa var i 2004 på 577 000, men heile prefekturet har 4,8 millionar innbyggjarar. Byen vart tidlegare kalla Bianliang.
Kaifeng | ||
---|---|---|
Jernpagoden i Kaifeng | ||
Styresmakter | ||
Land Provins |
Kina Henan | |
Geografi | ||
Flatevidd | 6 240,22 km² | |
Flatevidd - By |
6444 km² | |
Innbyggjarar - By (2004) - Byområde |
4 800 000 577 000 | |
Koordinatar | 34°47′28″N 114°20′53″E / 34.79111°N 114.34806°E | |
Høgd over havet | 75 m | |
Tidssone | UTC+8 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: http://www.kaifeng.gov.cn | ||
Plassering | ||
Kaifeng er ein handels- og industriby med mellom anna tekstil-, maskin- og kjemisk industri, sinksmelteverk. Han er ein av dei eldste i Kina, over 3000 år gammal, og vert rekna som ein av «dei seks historiske hovudstadene» i landet.
Historie
endreI 364 f.Kr. vart byen hovudstad i delstaten Wei, og fekk då namnet Daliang. Då Wei gjekk under, vart byen heilt forlaten. Men ein ny by, med namnet Bian (汴), vart grunnlagd i 781 under Tang-dynastiet. Denne byen vart utvida under Song-dynastiet. I den tidlege fasen til dette dynastiet (Det nordlege Song-dynastiet, 960–1127) vart Kaifeng gjord til hovudstaden i landet, og utvikla seg til å verte ein rik og livleg handelsby. Som hovudstad hadde byen ei strategisk lokalisering mellom ei rekkje navigerbare elvar og kanalar som kunne bringe fram store kornforsyningar frå område lenger sør i Kina. Bystrukturen var tilnærma kvadratisk med 6–7 kilometer lange bymurar langs kvar av dei fire sidene, og med palasskomplekset lokalisert i midten. Rundt år 1100 skal byen ha hatt 1,4 millionar innbyggjarar, medrekna forstadane utanfor bymurane og den keisarlege arméen, og han var då den største byen i verda.
I 1642 vart det laga flaum i Kaifeng med vilje, då styrkane i Ming-dynastiet opna dika i Huang He for å hindre opprøraren Li Zicheng i å rykkje fram. I 1662 byrja gjenoppbygginga, under Kangxi-keisaren si tid.
Kaifeng er kjend for å lenge ha hatt ein muslimsk minoritet, samt ein liten jødisk minoritet, som framleis har etterkomarar i byen.
I Kaifeng ligg eit av dei eldste universiteta av moderne slag i Kina, Henanuniversitetet (河南大学), som vart grunnlagt i 1912. Under kulturrevolusjonen vart den avsette presidenten i Folkerepublikken Kina, Liu Shaoqi, ført til byen, der han vart halden i arrest og døydde i 1969.
Fram til 1955 var byen hovudstad i Henan. Sjølv om Kaifeng har vorte plyndra og øydelagd ei rekkje gonger, finst det framleis mange historiske minnesmerke, mellom anna «Jernpagoden» (Tie Ta) frå 1049 og buddhistklosteret Xiang Guo frå 500-talet.
Samferdsle
endreI Kaifeng stoppar toga på Longhaibana, den viktigaste jernbanelinja i aust–vest-retning i Kina, som går frå Lianyungang til Lanzhou via mellom anna Xuzhou, Shangqiu, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.
Kjelder
endre- «Kaifeng» på Wikipedia på svensk, innhenta 17. januar 2010.
- «Kaifeng» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 17. januar 2010.
- «Kaifeng» hjå Store Norske Leksikon, innhenta 17. januar 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).