Opna hovudmenyen
Huglo
Det nordre av Huglo sett frå ferja i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes. Foto: Bent Sigmund Olsen
Det nordre av Huglo sett frå ferja i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes.
Foto: Bent Sigmund Olsen
Geografi
Norway - Huglo.png
Stad Hardangerfjorden
Koordinatar 59°50′54″N 05°35′05″EKoordinatar: 59°50′54″N 05°35′05″E

Areal 13,5 km²

Høgaste punkt Høgafjellet (218 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Hordaland

Demografi
Folketal 120 (2006)
Folketettleik 8,9 /km²

Huglo er ei øy i Stord kommune. Ho ligg på austsida av Stord der Hardangerfjorden møter Langenuen. Huglo er 14 km² stor, folketalet er 91.[1] På Huglo ligg samlingstaden på Nord-Huglo, der det er butikk, bensin og kai. Butikken heiter Huglabutikken og er ein del av Nærbutikken-konseptet. Butikken har i tillegg til daglegvarer, også apotekutsal, dusj, kontorrekvisita og vaskeutstyr. Mesteparten av arealet er fjell, og høgaste topp er Høgafjellet på 218 moh. Øya har også svært frodige parti og fine landbruksareal. På austsida er grunnen kalkrik med ein rik vegetasjon. Her ligg Brandvikneset naturreservat med mellom anna barlind og kristtorn. Næringslivet består i all hovudsak av landbruk, (særleg mjølkeproduksjon), møbelproduksjon og havbruk. Huglo har ferjesamband til Stord og Tysnes.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  Denne Hordalandartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.