Nøstetangen Glassverk

Nøstetangen glassverk (1741-1777) var Noregs første glashytte for framstilling av kvittglas og låg på Nøstetangen i Hokksund, på odden der Vestfosselva renn ut i Drammenselva.

Nøstetangen Glassverk

BransjeGlass
Skipa1741
LandNorge
ProduktKongelig Mund Glas Chrystal

Glasverket blei grunnlagt av Det Kongelig Allernaadigst Octrojerede Nordske Compagnie i Kristian VI si tid som konge av Danmark-Noreg for å forsyne begge rika med finare bordglas. Det gjekk konkurs i 1757, men kom i gang att like etter. I 1777 var det slutt for godt. Då hadde verket hatt ein produksjon på over hundre forskjellige modellar. Nøstetangen er anerkjent over hele verda for mellom anna for dei vakre pokalane med detaljrike gravyrar. Glasverket knytte til seg dei beste blåsarane og gravørane frå England og Böhmen. James Keith var ein av dei. Han kom frå England og utvikla mange av modellane, mellom anna den første lysekrona som vart laga i Newcastle-stil. Glasa som vart laga på Nøstetangen var inspirert av både tysk og engelsk stil, og gravyrane bar preg av rokokko. Kunstnaren og gravøren Heinrich Gottlieb Köhler blir rekna som den dyktigaste av gravørane, etterfølgd av Villas Hansen Vinter, som opphavleg var Köhlers svein. Köhler sjølv teikna mellom anna dei gedigne lysekronene som heng i Kongsberg kyrkje. Den største er heile tre meter høg, og lysarmane er av glas med vridde rifler og påhengt spir og pendelokkar i klart, manganraudt og koboltblått glas.

I åra 1770 til 1777 vart produksjonen av kvitt glas og krystall overført til Hurdal Glassverk.

Nøstetangen Glass AS blei stifta i 1990 med formål å etablere ei glashytte der det skulle blåsast glas etter modellane frå gamle Nøstetangen på Hokksund. Det held til i ein mindre bygning på den andre sida av tunet for Nøstetangen museum, i den tidlegare stallen på sorenskrivargarden. Staden er ope for besøkande, og glashytta har ei utstilling av Nøstetangenglas. Det blir òg laga andre typar glas der. Mange av desse er særs fargerike.

Galleri endre

Kjelder endre