Hurt So Bad
Hurt So Bad Singel av Little Anthony & The Imperials frå albumet Goin' Out Of My Head | ||
B-side |
Reputation | |
---|---|---|
Utgjeve | 29. desember 1964[1] | |
Sjanger | Soul, pop | |
Lengd | 2:15 | |
Selskap | DCP | |
Låtskrivar(ar) | Teddy Randazzo, Bobby Weinstein, Bobby Hart | |
Produsent | Teddy Randazzo, Don Costa | |
Little Anthony & The Imperials-kronologi | ||
«Goin' Out Of My Head» (1964) |
Hurt So Bad | «Take Me Back» (1965)
|
«Hurt So Bad» er ein song skriven av Teddy Randazzo, Bobby Weinstein og Bobby Hart. Balladen vart ein hit i 1965 for Little Anthony & The Imperials. Linda Ronstadt fekk òg ein topp 10-hit med sin versjon i 1980. Songen er blitt spelt av mange andre artistar, som The Lettermen, som tok songen til 12. plassen på singellista i USA i september 1969.
Little Anthony & The Imperials-versjonen
endreLittle Anthony & The Imperials-utgåva var spelt inn for albumet Goin' out of My Head. Singelen var oppfølgjaren til tittelsporet frå dette albumet, som òg vart ein stor hit og nådde topp 10 på Billboard-lista.[2] Denne versjonen nådde tiandeplassen på Billboard Hot 100. Han vart òg framført av gruppa første gongen dei var på The Ed Sullivan Show. Han vart skriven spesifikt for The Imperials av Teddy Randazzo, ein mangeårig ven av gruppa, i lag med Bobby Weinstein og Bobby Hart, og vart produsert av Don Costa for selskapet DCP, som seinare gjekk saman med United Artists Records.
Medverkande
endre- «Little Anthony» Gourdine - solovokal
- Clarence «Wah-Hoo» Collins - baryton/bass
- Ernest Wright - andretenor
- Sammy Strain - førstetenor
- Produsent: Don Costa
- Akkompagnert av The 101 Strings Orchestra
Linda Ronstadt-versjonen
endreHurt So Bad Singel av Linda Ronstadt frå albumet Mad Love | ||
B-side |
Justine | |
---|---|---|
Utgjeve | Mars 1980 | |
Sjanger | Rock, new wave | |
Lengd | 3:17 | |
Selskap | Asylum Records | |
Låtskrivar(ar) | Teddy Randazzo, Bobby Weinstein, Bobby Hart | |
Produsent | Peter Asher | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
«How Do I Make You» (1980) |
Hurt So Bad | «I Can't Let Go» (1980)
|
Linda Ronstadt spelte inn ein versjon av «Hurt So Bad» for albumet Mad Love i 1980. Han var produsert av Peter Asher for Asylum Records, og vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet. Gitarsoloen på denne versjonen vart spelt av Danny Kortchmar. Han står som ein av dei mest suksessrike versjonane spelt inn av songen og han nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 og niandeplassen på Cash Box Top 100-lista våren 1980.[3]
Andre versjonar
endreSongen er blitt spelt inn av følgjande artistar:
- El Chicano gav ut ein versjon av «Hurt So Bad» på debutalbumet deira frå 1970, Viva Tirado.
- The Lettermen og Jackie DeShannon[4]
- Alicia Keys.
- Ramsey Lewis, The Delfonics, David Cassidy, Richard «Groove» Holmes, Grant Green, Willie Bobo, El Chicano, Nancy Wilson, Anne Renée og andre.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hurt So Bad» frå Wikipedia på engelsk, den 7. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.45cat.com/record/dcp1128
- ↑ Steve Huey. «Little Anthony & the Imperials Biography & Awards». Billboard. Henta 7. desember 2020..
- ↑ «Linda Ronstadt - Chart history». Billboard. Henta 7. desember 2020.
- ↑ William Ruhlmann. «Hurt So Bad». Allmusic. Henta 7. desember 2020. «The Lettermen, who had previously covered «Goin' out of My Head,» revived it in 1969 for a Top 20 hit; Jackie DeShannon combined it in a medley with «You Keep Me Hangin' On» that reached the charts in 1976.»