Mad Love av Linda Ronstadt

Mad Love
Studioalbum av Linda Ronstadt
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1980
Innspelt 24. oktober 1979 til 10. januar 1980
Studio Record One i Los Angeles i California
Sjanger
Lengd 31:09
Selskap Asylum
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi 
Living in the USA
(1978)
Mad Love Greatest Hits, Volume 2
(1980)


Singlar frå Mad Love
  1. «How Do I Make You»
    Utgjeve: Januar 1980
  2. «Hurt So Bad»
    Utgjeve: Mars 1980
  3. «I Can't Let Go»
    Utgjeve: Juni 1980

Mad Love er det tiande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i 1980. Det debuterte på femteplassen på Billboard albumlista, som var ny rekord for ein kvinneleg artist på den tida, og vart dakst det sjuande albumet hennar på rad som selde over ein million eksemplar. Det selde til platinaplate i USA og vart nominert til ein Grammy.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars [2]
Robert ChristgauB- [3]
Rolling Stone(middels) [4]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 stars [5]

Albumet reflekterte til ein viss grad musikkstilar på denne tida som punkrock og new wave, ved at Ronstadt prøvde å lage eit nedstrippa og upretensiøst album. I staden for reine popsongar, balladar og viser, gjekk albumet litt meir mot new wave. Albumet inneheld ikkje mindre enn tre songar av Elvis Costello («Party Girl», «Girls Talk» og «Talking in the Dark») og tre spor frå debutalbumet til The Cretones, Thin Red Line (1980). Sjølv om Ronstadt ofte hadde spelt ny musikk frå relativt ukjende låtskrivarar, inkludert Elvis Costello sin «Alison» tidlegare, henta ho inn Cretones-gitaristen Mark Goldenberg for å lage arrangementa, spele gitar og gje prosjektet autentisitet.

Marknadsføringa av Mad Love var nøye planlagt sidan den nye retninga var ein viss risiko for Ronstadt. Ho var dronninga av lett pop i 1970-åra og det var lite truleg at ho kom til å imponere punk- og new wave-fansen i særskild grad. Samstundes stod ho i fare for å framandgjere pop-fansen hennar. Med songar av etablerte superstjerner som hadde omfamna punkrocken, som Neil Young («Look Out for My Love») gav det ein viss kontinuitet frå tidlegare album av Ronstadt.

Platekjøparane viste seg å vere meir eventyrlystne enn venta, og risikoen Ronstadt tok betalte seg. Singlane på albumet gjorde det godt. Den Blondie-aktige rockelåten «How Do I Make You» og den mørkare balladen frå 1965, «Hurt So Bad», nådde høvesvis tiande og åttandeplassen på Billboard-lista i midten av 1980, medan andre spor som «I Can't Let Go», vart mykje spelt på classic rock-radio. Mad Love nådde femteplassen på albumlista og selde over ein million eksemplar. For fjerde gongen vart Rontadt kåra til årets kvinnelege artist av magasinet Billboard. «How Do I Make You» vart nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege rockesong.

Ronstadt brukte suksessen til Mad Love til å overtyde Asylum Records om å gje grønt lys for to album utan pop- og rockesongar, men i staden tradisjonell, eldre pop, akkompagnert av Nelson Riddle Orchestra og ei samling med klassisk mariachi-musikk sungen på spansk. Desse vart tidlegare ikkje sett på som levedyktige av selskapet, men begge prosjekta vart ein suksess på lik skala som popalbuma til Ronstadt.

I 2011, etter 31 år, gjekk Mad Love ut av opplag. Albumet kom ut i 2012 som ein del av Warner/Rhino-plateboksen Original Album Series, men denne serien er heller ikkje i sal i dag. Gjeve populariteten til albumet er det ukjend kvifor albumet ikkje lenger i fysisk sal.


Innhald endre

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Mad Love»Mark Goldenberg3:40
2.«Party Girl»Elvis Costello3:22
3.«How Do I Make You»Billy Steinberg2:25
4.«I Can't Let Go»Chip Taylor, Al Gorgoni2:44
5.«Hurt So Bad»Teddy Randazzo, Bobby Weinstein, Bobby Hart3:17
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Look Out for My Love»Neil Young3:29
7.«Cost of Love»Goldenberg2:38
8.«Justine»Goldenberg4:00
9.«Girls Talk»Costello3:22
10.«Talking in the Dark»Costello2:12
Total lengd:31:09

Medverkande endre

Produksjon endre

  • Peter Asher – produsent
  • Val Garay – innspeling, miksing
  • Niko Bolas – innspelingsassistent
  • Mike Reese – mastering
  • Doug Sax – mastering
  • Mastered at The Mastering Lab (Hollywood, California).
  • Kosh – kunstnarisk leiar, design
  • Peter Howe – fotografi

Salslister endre

Liste (1980) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 6
Nederlandske album (MegaCharts)[7] 37
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[8] 22
Norske album (VG-lista)[9] 34
Storbritannia (Official Charts Company) 65
US Billboard 200[10] 3

Kjelder endre

  1. Cateforis, Theo (2011). Are We Not New Wave? : Modern Pop at the Turn of the 1980s. University of Michigan Press. s. 40. ISBN 978-0-472-03470-3. 
  2. Allmusic review
  3. Robert Christgau review
  4. Rolling Stone review, arkivert frå originalen 21. desember 2016, henta 7. desember 2020 
  5. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 701. ISBN 0-7432-0169-8. «rolling stone linda ronstadt album guide.» 
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 258. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. "Linda Ronstadt – Mad Lovee". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 7. desember 2020.
  8. "Linda Ronstadt – Mad Lovee". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 7. desember 2020.
  9. "Linda Ronstadt – Mad Lovee". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 7. desember 2020.
  10. "Linda Ronstadt Album & Song Chart History" Billboard 200 for Linda Ronstadt. Prometheus Global Media. Henta 7. desember 2020.