Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°14′12.55″N 10°27′49.72″E

Husøy kyrkje i Tønsberg
Husøy kirke
Husøy kirke.jpg
Foto: Jan-Tore Egge
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Tønsberg domprosti
Sokn Søndre SLagen
Fellesråd Tønsberg
Arkitekt Eirik Eikrann
Material Stein
Innvigd 8. september 1933
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Karl G. Nilssen
Sitjeplassar 200
Wikimedia Commons: Husøy kirke

Husøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1933Husøy i Tønsberg kommune i Vestfold fylke. Kyrkja er av stein og har 200 sitjeplassar. Ein kjem til staden via fylkesveg 430 fra Nøtterøy.

Det vart innvigd kyrkjegard med gravkapell på Husøy i 1925. Kyrkja vart teikna av Eirik Eikrann, oppført nokre år seinare og innvigd 8. september 1933. Det er ei karakteristisk langkyrkje som er forblenda med ein lokal syenitt med nokså ru overflate. Kyrkja har bratte saltak — også på vesttårnet. Det er sakristi på kvar side av koret i aust, slik at denne delen av bygningskroppen har same breidd som skipet. Utvendig er kyrkja openbert mellomalderinspirert med moderne tillempingar, medan interiøret er prega av ein funksjonalistisk påverka klassisisme.

Altartavla har form av eit trerelieff utført av Karl G. Nilssen. Motivet er den trøstande Kristus.[1] I ei nisje framfor preikestolen er ein utskoren figur av Martin Luther, også denne utført av Nilssen. På fondveggen i koret er eit rundt vindauge med glasmåleri som syner lammet og seiersfana midt på ein kross. Døypefonten er av tre og glas og har elektrisk lys.

Kyrkjegarden breirer seg hovudsakleg sørover og vestover frå kyrkja. Nord for kyrka står eit krigsminnesmerke.

LitteraturEndra

  • Eldal, Jens Christian; Havran, Jiri (2002). Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: Arfo. s. 240-241. ISBN 82-91399-11-5. 
  • Rasmussen, Alf Henry. Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 562. ISBN 82-7527-022-7.  Parameteren |utgivelsesår= er ikkje støtta av malen. (hjelp)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra