Husøyna på Fedje

gard på Fedje

Husøyna er ein gard nordaust på Fedje. Han ligg like sørom Rognsvågen og Svena, mellom Husavatnet i vest og Fedjefjorden i aust. Namnet Husøyna vart opphavleg òg nytta om den delen som i dag vert kalla Svena.

Husøyna
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 167, 168, 170
Kart
Husøyna
60°46′50″N 4°42′58″E / 60.780564461111°N 4.7161131305556°E / 60.780564461111; 4.7161131305556

Frå gammalt av var området utmark for gardane Rognsvågen, Fedje og Moldøyna, og vart nytta som beitemark for husdyra deira. Det vart drive stølsdrift i denne utmarka til heilt opp i 1950-åra, og ein hadde eigne sommarfjøs der ein mjølka kyrna sine. Utmarka vart utskifta i 1904 og kvart bruk fekk sin eigen parsell med høve til å setje opp gjerde. I praksis vart utmarka drive som før i fellesskap, og det var først då det var slutt på stølsdrifta at verknadane av utskiftinga kom til syne. Etter andre verdskrigen vart det skild ut tomter, og det vart bygd bustadhus. Dette skaut særleg fart ut på 1960-talet då kommunen regulerte området som bustadfelt. Dei fleste nye husa på Fedje etter 1973 er derfor bygd i dette området.

Utskilde tomtar endre

Kommunen eig fleire tomtar i Husøyna som stort sett er nytta for tomannsbustader. Ei stor tomt vart skild ut og det vart bygg idrettsplass her i 1977 med tilhøyrande garderobeanlegg. I garderobebygget finst òg barnehage.

Kjelder endre

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.