Svena er ein gard nordaust på Fedje. Han ligg like sørom Husa og Kopper, og svingar seg langs Rognsvågen mot gardsbruka der. I sør ligg Husavatnet, medan Husøyna ligg i søraust. Tidlegare vart Svena òg rekna som ein del av Husøyna.

Svena
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 167, 168, 170

Frå gammalt av var området utmark for gardane Rognsvågen, Fedje og Moldøyna, og vart nytta som beitemark for husdyra deira. Det vart drive stølsdrift i denne utmarka til heilt opp i 1950-åra, og ein hadde eigne sommarfjøs der ein mjølka kyrna sine. Utmarka vart utskifta i 1904 og kvart bruk fekk sin eigen parsell med høve til å setje opp gjerde. I praksis vart utmarka drive som før i fellesskap, og det var først då det var slutt på stølsdrifta at verknadane av utskiftinga kom til syne. Etter andre verdskrigen vart det skild ut tomter, og det vart bygd bustadhus.

Utskilde tomtar endre

Fedje kommune fekk skøyte på bruk 102 i 1947, ei tomt som hadde høyrt til Husa. Her vart kommunehuset bygd i 1941 med material frå den nedrivne kyrkja. Det vil sei det var først då Fedje vart ein eigen kommune i 1947 at huset vart teken i bruk som lokale for kommuneadministrasjonen, slik det er enno. Kommunen fekk i 1958 skøyte på bruk 163, som òg høyrte til Husa. Her vart det bygd ny skule i 1960 og samstundes vart skulane på Stormark og Kopper nedlagde. Fleire tilleggsareal vart kjøpt opp seinare og nye klasserom og symjehall vart bygd i 1974. Andre kommunale tomter inneheld lokale innreidde til bibliotek og fritidsklubb og eit næringsbygg for brannstasjon og lager for kommunen.

På Hvalneset vart det bygd ein kvalstasjon av selskapet Kjøbmanskjær i Tønsbergkvalfangsten starta opp på Fedje i mellomkrigstida. Her vart spekk og bein av vågekval og brugdelever handsama. Fedje Tranfabrikk AS vart skipa og fekk skøyte på tomt frådelt frå Moldøyna i 1941. Det vart produsert tran til ut på 1960-talet. I 1967 tok S/L Hordafisk over anlegget, og det vart bygd nytt fabrikkbygg og større kaianlegg. I 1968 starta dei formjølsfabrikk her, som vart lagt ned i 1987. Frå 1988 til 1991 dreiv AS Storfor produksjon av fiskefôr. Sidan har anlegget vore i privat eige og tilpassa aktivitet i oljeverksemda.

Kjelder endre

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.