Husby kapell er ei langkyrkje frå 1905 i Nesna kommune og sokn i Nord-Helgeland prosti. Kapellet er bygd som eit privat kapell på den gamle storgarden HusbyTomma, ein gong senter for eit jordegodsHelgeland.

Husby kapell
kapell
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Nord-Helgeland
Sokn Nesna
Fellesråd Nesna
Material tre
Innvigd 2. juni 1905
Sitjeplassar 100
Diverse privat bygd, under garden Husby
Kart
Husby kapell
66°13′30″N 12°45′49″E / 66.225°N 12.7636°E / 66.225; 12.7636
Wikimedia Commons: Husby kapell

Kyrkja er bygd i tre og skal ha 100 plassar.

Ved kongeleg resolusjon 16. januar 1905 vart det tillate å vigsle eit bedehus oppført på Husby, den gongen i Dønnes sokn, til kyrkjelege handlingar. Husby kapell skulle ha minst 4 gudstenester for året, og kapellet fekk eige kyrkjetilsyn. Uklare retningslinjer for den kyrkjelege bruken av det private kapellet gjorde av biskopen i Sør-Hålogaland stengde kapellet som gudstenestestad på slutten av 1980-talet. Sidan var det i fleire år berre brukt til gravferder, og nokre få andre kyrkjelege handlingar etter særleg løyve frå biskopen. I 2005 vart kapellet igjen teke i bruk som fast gudstenestestad for kyrkjelyden på Tomma. Det er forordna seks årlege gudstenester i kapellet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre