I've Been Waiting for This Night

«I've Been Waiting for This Night»
Song av Donny Montell

Land Litauen
Språk Engelsk
Utgjeve 8. mars 2016
Sjanger Pop
Lengd 03:02
Selskap UAB Gyva Muzika
Låtskrivar(ar) Jonas Thander og Beatrice Robertsson

«I've Been Waiting for This Night» (norsk 'eg har venta på denne natta/kvelden') er ein song frå 2016 med den litauiske artisten Donny Montell. Songen vann den litauiske songtevlinga "Eurovizijos" dainų konkurso nacionalinė atranka og var det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm.

Om songen

endre

Songen er skriven av Jonas Thander og Beatrice Robertsson. «I've Been Waiting for This Night» blei plukka ut til å delta i songtevlinga til den litauiske kringkasteren LRT televizija Eurovizijos dainų konkurso nacionalinė atranka.[1] Artisten Donny Montell blei vald til å framføre han. Etter fleire innleiande runder og semifinalar tok songen seg til finalen 12. februar 2016. Der vann han og blei dimed det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2016.[2][3]

Eurovision Song Contest

endre

I januar 2016 blei Litauen trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest.[4] Semifinalen blei arrangert i Globen i Sverige torsdag 12. mai, og Litauen hadde startnummer 9.[5] «I've Been Waiting for This Night» blei blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 14. mai.[6] I finalen blei songen nummer 9 av 26 bidrag.[7]

Listeplasseringar

endre
Liste (2016) Høgaste
plassering
  Sverige Heatseekers (Sverigetopplistan)[8] 4

Kjelder

endre
  1. «"Eurovizijos" atrankai diriguos Andrius Rožickas ir Gerūta Griniūtė, paskelbti visi dalyviai». 15 min (på litauisk). 21. desember 2015. Henta 21. desember 2015. 
  2. «Donny Montell». eurovision.tv. Henta 19. april 2024. 
  3. «It's Donny Montell for Lithuania!». eurovision.tv. Henta 19. april 2024. 
  4. Jordan, Paul (25. januar 2016). «Allocation Draw: The results!». eurovision.tv. European Broadcasting Union. Henta 25. januar 2016. 
  5. Jordan, Paul (8. april 2016). «Running order of the Semi-Finals revealed». eurovision.tv. European Broadcasting Union. Henta 8. april 2016. 
  6. Roxburgh, Gordon (12. mai 2016). «10 more finalists through to the Grand Final». eurovision.tv. European Broadcasting Union. Henta 12. mai 2016. 
  7. «Eurovision Song Contest 2016 Grand Final | Eurovision Song Contest». Eurovision.tv. Henta 12. mars 2017. 
  8. Swedish Heatseekers Chart Retrieved 13. mai 2016