IJbukta

(Omdirigert frå IJ-bukta)

IJ (på gamle kart stundom kalla Y eller Ye) er ein innsjø, tidlegare ei bukt, i provinsen Noord-Holland i Nederland. Amsterdam ligg ved innsjøen. På nederlandsk består namnet av digrafen IJ, som vert rekna som ein enkelt bokstav, slik at namnet på norsk vert skrive IJ og ikkje Ij.

IJ
innsjø
Land  Nederland
Kart
IJbukta
52°22′47″N 4°54′59″E / 52.37976°N 4.91642°E / 52.37976; 4.91642
Wikimedia Commons: IJ

Historie

endre
 
Kart frå 1681 som viser IJ før bukta vart endra.
 
IJ, Amsterdam, 2020
 
Ferje over IJ i Amsterdam.

Tidlegare var IJ ei lang og smal bukt med brakkvatn som var tilkopla Zuiderzee (ei bukt i Nordsjøen). Ho strekte seg då frå Amsterdam i aust til Velsen i vest. Mellom bukta og sjølve Nordsjøen låg berre ei naturleg sanddyne. IJ voks derimot år for år og halvøya Noord-Holland var i ferd med å verte ei øy. Dette eidet vart kalla Holland op zijn smalst(«Holland på det smalaste»).

IJ gav Amsterdam, som ligg der Amstel munnar ut i innsjøen, fri ferdsel til sjøen via Zuiderzee. På 1600-talet byrja inngangen til bukta å tette seg til med sandbankar samstundes med at skipa byrja å verte større og større. Slik vart det nesten umogeleg for havgåande skip å ta seg forbi munningen. I tillegg til dette voks innsjøen sakte på grunn av erosjon langs breidda slik at han nesten gjekk i hop med innsjøen Haarlemmermeer og slik truga byane Haarlem og Amsterdam.

Det vart sett i verk planar om ta tilbake dei tapte landområde ved å gjere både Haarlemmermeer og IJ om til polderar. Haarlemmermeer var først ute og vart tørrlagd i 1852, og den største delen av IJ følgde mellom 1865 og 1876. Berre ein liten del av innsjøen vart verande igjen rundt Amsterdam og vart skild frå Zuiderzee av Den oransje slusa. Samstundes vart Nordsjøkanalen bygd og tilslutta restane av IJ for å gje Amsterdam ein ny vassveg til Nordsjøen. Kanalen gjekk gjennom eidet til Nordsjøen nær byen Velsen. Den nye hamna IJmuiden vart bygd i vestenden. IJ-polderane som vart oppretta nær Amsterdam vart gjeve til industrien og eit nytt stort hamneområde vart bygd.

Kjelder

endre

52°22′51″N 4°56′38″E / 52.38083°N 4.94389°E / 52.38083; 4.94389