IMAP (Internet Message Access Protocol) er ein protokoll for overføring av skjermpost mellom ein IMAP-tenar og ein skjermpostlesar. Protokollen vart tidlegare kalla Interactive Mail Access Protocol.

Arkitektur endre

Når ein sender skjermpost mellom ulike domene er det SMTP-tenarar som utvekslar meldingane. Når ein SMTP-tenar mottek skjermpost frå SMTP-tenaren på eit anna domene vart han flytta over til ein IMAP-tenar[1] på domemet til mottakaren. Mottakaren les så skjermbrevet med ein skjermbrevlesar, som kommuniserer med IMAP-tenaren via IMAP-protokollen.

Utgåande skjermpost vert redigert med ein skjermposteditor (så godt som alltid ein del av same programmet som skermpostlesaren) òg sendt (over IMAP-protokollen) til IMAP-tenaren på sendaren sitt domen. IMAP-tenaren sender meldinga vidare til SMTP-tenaren på sendaren sitt domene. SMTP-tenaren på sendaren sitt domen kontaktar så SMPT-tenaren på mottakaren sitt domene. Når SMTP-tenar på mottakardomenet svarar vert meldinga overført.

IMAP skil seg frå POP3 ved at skjermposten vert liggande på IMAP-tenaren etter at han er lesen. Dette har den føremonen at han kan lesast, og svarast på, frå fleire ulike datamaskinar. (Når ein nyttar POP3 vert skjermposten normalt sletta frå tenaren når han er lasta ned til datamaskina til mottakaren).

Skjermpost i nettlesar endre

Skjermpost på ein IMAP-tenar kan òg lesast og skrivast frå ein nettlesar, men då krevst det at skjermposttenaren køyrer ein IMAP-proxytenar, som til dømes SquirrelMail. Slike proxyar er ofte eit PHP-skript som køyrer på ein vevtenar. Kommunikasjonen mellom IMAP-tenaren og IMAP-proxytenaren forgår over IMAP-protokollen, medan kommunikasjonen mellom IMAP-proxytenaren og nettlesaren fåregår over http.

Sikker kommunikasjon endre

Kommunikasjonen mellom ein IMAP-tenar og ein skjermpostlesar, over IMAP-protokollen, vert som oftast kryptert, for å hindra at passordet vert snappa opp ved innlogging. Av same grunn vert ofte https nytta når skjermposten vert lesen frå ein nettlesar

Sjå òg endre

Kjelder endre