I Feel Free
Singel av Cream
frå albumet Fresh Cream
B-side

«N.S.U.»

Språk engelsk
Utgjeve Desember 1966[1]
Innspelt September 1966 i Ryemuse Studios i London[2]
Sjanger Psykedelisk rock, hardrock
Lengd 2:49
Selskap Reaction Records 591 011
Komponist Jack Bruce
Tekstforfattar Pete Brown
Låtskrivar(ar) Jack Bruce, Pete Brown
Produsent Robert Stigwood
Cream-kronologi 
«Wrapping Paper»
(oktober 1966)
I Feel Free «Strange Brew»
(June 1967)


I Feel Free
Singel av Belinda Carlisle
frå albumet Heaven on Earth
Språk engelsk
Utgjeve 1988
Innspelt 1987
Sjanger Pop
Lengd 4:24
Selskap MCA
Komponist Jack Bruce
Tekstforfattar Pete Brown
Låtskrivar(ar) Jack Bruce, Pete Brown
Produsent Rick Nowels
Belinda Carlisle-kronologi 
«Circle in the Sand»
(1988)
I Feel Free «World Without You»
(1988)


«I Feel Free» er ein song av den britiske supergruppa Cream. Songteksten var skriven av Pete Brown,[3] medan musikken er komponert av Jack Bruce. Det var den første songen på den amerikanske utgåva av debutalbumet Fresh Cream (1966), og vart den andre hitten til bandet, etter den overraskande utgjevinga av «Wrapping Paper». Som alle songane på det første amerikanske albumet til Cream, var songen produsert av Robert Stigwood.

«I Feel Free» var ein viktig song for bandet. Songen inneheld ein av dei kortare gitarsoloane til Eric Clapton, og vart ein av dei første songane som synte kva bandet var i stand til. Sjølv om det meste av repertoaret til Cream var bluesrock, var denne songen ein streit rocke song med psykedeliske aspekt.

Bakgrunn endre

«I Feel Free» vart spelt inn i september 1966 i Ryemuse Studios. Songen vart spelt inn på ein Ampex bandopptakar av Robert Stigwood og John Timperley. Songen vart ikkje gjeven ut på den britiske utgåva av Fresh Cream, etter forslag frå Robert Stigwood, og vart i staden berre gjeven ut som singel der.[2]

«I Feel Free» gjekk først inn på den britiske singellista den 17. desember 1966 på ein 50. plass, og nådde 11. plass den 28. januar 1967. Totalt låg singelen 12 veker på lista.[4]

Andre versjonar endre

Belinda Carlisle endre

Songen vart spelt inn av Belinda Carlisle i 1987 for det andre albumet hennar, Heaven on Earth, produsert av Rick Nowels. Det var den fjerde singelen frå albumet og vart berre gjeven ut i USA. Songen nådde 88. plass på den amerikanske singellista. Ein lengre versjon av songen vart nytta i filmen License to Drive frå 1988.

Jack Bruce endre

I 1986 gav Jack Bruce ein soloversjon av songen som vart nytta i ein reklamefilm for Renault 21. Det vart den einaste hitten hans i Storbritannia då singelen så vidt gjekk inn på lista med ein 95. plass.[5]

David Bowie endre

David Bowie spelte songen under den tidlege delen av Ziggy Stardust-turneen i 1972. Bowie hadde planar om å spele inn songen for Pin Ups, og eit nytt forsøk vart gjort under innspelinga til Scary Monsters (and Supercreeps) i 1980. Han spelte omsider inn songen og gav han ut på plate i 1992 for Black Tie White Noise. Denne versjonen hadde med Mick Ronson på gitar, for første gong på ei Bowie-innspeling sidan 1973. Ronson var på den tida dødssjuk med kreft, og døydde kort tid etter. Bowie laga ein liten musikkvideo for songen i 1993. Eit konsertopptak av songen, frå 6. mai 1972 i Kingston Polytechnic i London, vart gjeven ut på det halvvegs offisielle albumet RarestOneBowie i 1994.

Andre versjonar endre

The Amboy Dukes, bandet til gitarist Ted Nugent seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra, spelte songen på debutalbumet sitt.

Andre som har spelt songen er Johnny Maestro & The Brooklyn Bridge, Mark King frå Level 42, Marcella Detroit, Foo Fighters og Gregorian.

Kjelder endre