Opna hovudmenyen
«I Get Around»
Singel av The Beach Boys
frå albumet All Summer Long
B-side «Don't Worry Baby»
Utgjeve 11. mai 1964
Innspelt Western Studios
2. april 1964
10. april 1964
Sjanger Pop, surferock
Lengd 2:12
Selskap Capitol 5174
Låtskrivar(ar) Wilson/Love
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi
«Fun, Fun, Fun»
(1964)
«I Get Around» «When I Grow Up (to be a man)»
(1964)


«I Get Around» er ein song av skriven av Brian Wilson og Mike Love for The Beach Boys. Mike Love syng solovokal på verset og Brian Wilson på refrenget. Songen er kjend for den bakvendte strukturen - han startar med refrenget og har to korte vers. Songen vart gjeven ut på singel i 1964 med «Don’t Worry Baby» som B-side. Singelen var den frøste songen ti lthe Beach Boys som nådde førsteplassen i USA. Singelen nådde òg 7. plass i Storbritannia og vart den første Topp 10-plasseringa til bandet her. Songen vart gjeven ut på albumet All Summer Long i 1964.

KomposisjonEndra

I november 1969 selde far til Wilson, Murry Wilson, rettane til songen til Irving Almo for om lag $700 000.[1] Mange år seinare i april 1992, like etter Brian Wilson vann eit søksmål der han fekk tilbake rettane til mange av songane sine, saksøkte Mike Love Brian Wilson fordi Love ikkje hadde vorte tilskriven låtskrivinga på rundt 30 songar og derfor ikkje fått honorar.[2] Ein av desse var «I Get Around». Opphavleg var berre Wilson tilskriven, men Love insisterte på at han hadde vore med på å skrive teksten.

InnspelingEndra

Get around round round I get around
I'm makin' real good bread

Brian Wilson og Mike Love

Instrumentsporet vart spelt inn 2. april 1964. Vokalen vart spelt inn åtte dagar seinare, den 10. april med Mike Love på versa og Brian Wilson på refrenga, samt korvokal frå Brian, Carl og Dennis Wilson, Mike Love og Alan Jardine.

SingelenEndra

Singelen kom ut i USA den 11. mai 1964. Singen gjekk inn på Billboard-lista den 6. juni på 17. plass.[3] Songen nådde førsteplassen den 4. juli og erstatta «A World Without Love» av Peter and Gordon. Dette var den først førsteplassen deira i USA og låg der i to veker.

I følgje Songfacts, Billboard og Cash Box var «I Get Around» den femte mestseljande singelen i USA i 1964 og selde nær 2 millionar eksemplar.[4]

I juni 1964 nådde songen 7. plass i Storbritannia og vart dermed den første store hitten deira i dette landet. I Tyskland nådde singelen 38. plass.[5] og vart den andre singelen til bandet som gjekk inn på dei tyske listene.[6] Singelen var første gong bandet nådde listene i Nederland med ein 38. plass.[7] Singelen nådde Topp 10 både i Canada og Sverige, ein 10. plass i begge land.[8][9]

SalslisterEndra

Vekeslister

Liste (1964) Plassering
Kanadiske RPM Singles Chart[10] 1
Tyskland 38
UK Singles Chart[11] 7
US Billboard Hot 100[12] 1

Årslister
Liste (1964) Plassering
US Billboard Hot 100[13] 5

Andre utgåverEndra

  • Knights i 1964
  • The Catalinas i 1964
  • The Surfriders i 1967
  • Langley Schools Music Project i 1977
  • Bakersfield Boogie Boys i 1980
  • Papa Doo Run Run på albumet California Project i 1985
  • Papa-O i 1994
  • Trygve Thue i 1994
  • Brian Wilson på konsertalbumet Live at the Roxy Theatre i 2001.
  • John B. & The Surfin’ Safaris i 2002
  • Pennywise
  • Red Hot Chili Peppers, på ein konsert i 2004

KjelderEndra

  1. Beach Boys Timeline - 1969
  2. Beach Boys Timeline - 1992
  3. Badman, Keith (2004). The Beach Boys: The Definitive Diary of America's Greatest Band on Stage and in the Studio. s. 59. 
  4. Songfacts.com
  5. Badman, Keith (2004). The Beach Boys: The Definitive Diary of America's Greatest Band on Stage and in the Studio. s. 62. 
  6. German Singles Charts
  7. Dutch Singles Charts
  8. Canadian Singles Charts
  9. Den svenske singellista
  10. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 27. september 2016. 
  11. «Beach Boys». Official Charts Company. Henta 13. juni 2013. 
  12. «The Beach Boys awards on Allmusic». Allmusic. Henta 13. juni 2013. 
  13. «Year End Charts - Year-end Singles - The Billboard Hot 100». Billboard.com. Arkivert frå originalen 2007-12-11. Henta 29. august 2009.