Dennis Wilson
Dennis Carl Wilson (4. desember 1944–28. desember 1983) var ein amerikansk rockemusikar som var best kjend som eit av medlemmene og trommeslagaren i The Beach Boys. Han var medlem av gruppa frå det vart danna til han døydde i 1983 i lag med dei to brørne Brian og Carl. I 60-åra var det derimot ofte studiomusikarar som spelte på albuma deira. Dennis vart trommis mest fordi Brian alt spelte bass og Carl spelte gitar.
Dennis Wilson | |||
| |||
Fødd | 4. desember 1944 Inglewood i California | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Inglewood | ||
Død | 28. desember 1983 (39 år) Marina del Rey i California | ||
Dødsstad | Marina del Rey | ||
Fødenamn | Dennis Carl Wilson | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1961 - 1983 | ||
Sjanger | Pop, barokkpop, rock | ||
Instrument | Vokal trommeslagar tangentinstrument | ||
Plateselskap | Caribou/Sony Music Capitol Brother Reprise | ||
Verka som | Musikar låtskrivar produsent | ||
Mor | Audree Wilson | ||
Far | Murry Wilson | ||
Sambuar med | Christine McVie |
Dennis song stort sett berre korvokal og sjeldan solovokal som brørne og syskenbarnet Mike Love. På scenen song han derimot sjeldan i det heile. Han vart ofte sett på som den flottaste i bandet og fekk utover 70-talet vart han gradvis viktigare og song stundom solo, samt skreiv nokre songar. Dennis var òg den einaste i bandet som faktisk dreiv med surfing.
I 1971 spelte han hovudrolla i filmen Two-Lane Blacktop i lag med songaren James Taylor.
I 1975 byrja han eit samarbeid med Gregg Jakobson som resulterte i soloalbumet Pacific Ocean Blue i 1977, og vart med det den første i bandet som gav ut eit soloalbum. Albumet nådde berre 96. plass på Billboard-lista, men dette var høgare enn dei to neste Beach Boys-albuma. Mot slutten av 1970-åra auka narkotika- og alkoholmisbruket til Wilson, noko som førte til at oppfølgjaralbumet Bamboo ikkje vart gjeven ut. Albumet kom først ut i 2008 som ei dobbeltalbum i lag med Pacific Ocean Blue.
Tida med The Beach Boys
endreThe Beach Boys blei danna i august 1961, og gruppa fekk umiddelbar suksess. Både namnet og imaget viste til surfekulturen i California, men Dennis var den einaste som verkeleg dreiv med surfing. Han hadde lite musikkerfaring, men lærte seg fort å spela trommer. Han hadde ein noko spesiell, litt røff stemme, som kan høyrast i bakgrunnen på plateinnspelingar, men i byrjinga song han sjeldan på scenen.
Av tidlege songar har Dennis Wilson hovudstemmen på «Little Girl (You're My Miss America)», «This Car of Mine», delar av «Girls on the Beach», «Do You Wanna Dance?» og «Beach Boys' Party!». Han song også på ein versjon av The Beatles' «You've Got to Hide Your Love Away», der han i tillegg spelte gitar. Etter kvart lærte han seg å spela fleire instrument, og på soloalbumet Pacific Ocean Blue speler han piano.
Den første songen han står som hovudkomponist på er «Little Bird». Seinare leverte han bidrag blant anna til albuma 20/20 (1969), Sunflower (1970), Carl and the Passions - «So Tough» (1972) og Holland (1973). På konsertalbumet The Beach Boys in Concert frå 1973 er Dennis åleine på omslaget, men ingen av hans songar er med på plata.
The Beach Boys med original besetning er innvalt i Rockens æresgalleri.
Diskografi
endre- Pacific Ocean Blue (1977)
- Bambu (1978-79, uferdig, kom ut som bonusspor i 2008 på Pacific Ocean Blue)
Bakgrunnsstoff
endre- The Beach Boys
- Tilhengjarside Arkivert 2008-06-21 ved Wayback Machine.
- Offisiell side for Pacific Ocean Blue Arkivert 2008-04-16 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dennis Wilson» frå Wikipedia på engelsk, og «Dennis Wilson» frå Wikipedia på svensk den 15. juli 2009.