Opna hovudmenyen

Al Jardine

amerikansk musikar
(Omdirigert frå Alan Jardine)

Alan Charles «Al» Jardine (fødd 3. september 1942 i Lima i Ohio) er eit av medlemmane som starta det amerikanske bandet The Beach Boys. Han var ein av gitaristane deira og song stundom solovokal. I lag med resten av bandet vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1988.

Al Jardine
Al Jardine 2019 by Glenn Francis.jpg
Fødd3. september 1942 (77 år)
FødestadLima
FødenamnAlan Charles Jardine
OpphavLima i Ohio i USA
Aktiv1961 - til i dag
SjangerRock, pop, surfemusikk
InstrumentVokal, gitar, bass
Kjende instrumentFender Stratocaster
PlateselskapChess Records
Mercury Records
Atco Records
Verka sommusikar, songar, singer-songwriter, gitarist, pianist, musikkprodusent, tannlege

Jardine trefte og vart ven med Brian Wilsonvidaregåande skule. I lag med brørne til Brian Wilson, Dennis og Carl, og syskenbornet deira Mike Love var han med på å starte bandet i 1961. Han spelte bass på den første innspelinga til Beach Boys, «Surfin'» i 1961. Han slutta like etter for å studere på tannlækjarstudiet. Han kom tilbake til bandet i 1963.

Jardine syng solovokal på songar som «Help Me Rhonda», «Then I Kissed Her» og «Transcendental Meditation», og har òg vore medlåtskrivar på fleire av songane deira.

I 2008 kom det første albumet hans, A Postcard from California, der han har med gjesteartistar som Neil Young, Steve Miller, Brian Wilson, David Marks, Glen Campbell, Gerry Beckley, Stephen Stills og David Crosby.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra