I Just Can't Help Myself
I Just Can't Help Myself Studioalbum av Terry Callier | ||
Utgjeve | 1973 | |
Studio | RCA-Studios og Chess Recording Studios i Chicago | |
Sjanger | Soul-jazz | |
Lengd | 40:51 | |
Selskap | Cadet | |
Produsent | Charles Stepney | |
Terry Callier-kronologi | ||
---|---|---|
What Color is Love (1973) |
I Just Can't Help Myself | Fire on Ice (1978)
|
I Just Can't Help Myself er det fjerde studioalbumet til den amerikanske musikaren Terry Callier, gjeve ut i mars 1973. Det var det tredje og siste albumet han gav ut for Cadet Records med Charles Stepney som produsent, arrangør og dirigent.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Albumet hadde ein moderne soul-stil som er blitt samanlikna med musikken til Marvin Gaye på denne tida.[1] Fleire av songane var derimot spelt inn fleire år tidlegare, som «Alley-Wind Song» og John Coltrane-hyllesta «Can't Catch the Trane» som begge vart spelte inn i 1969.
Jason Ankeny i Allmusic skreiv: «Plata ulmar med stille intensitet, ein underliggande sjølvtillit og sinnsro som viker for augneblink av sjelsøkjande angst. Dei seinare albuma til Callier kan òg tilrådast, men det siste albumet hans for Cadet var likevel slutten på ein æra. Han nådde aldri heilt dei same høgdene igjen.»[1]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «(I Just Can't Help Myself) I Don't Want Nobody Else» | Larry Wade, Terry Callier | 3:15 |
2. | «Brown-Eyed-Lady» | Larry Wade, Terry Callier | 3:18 |
3. | «Gotta Get Closer to You» | Larry Wade, Terry Callier, Phyllis Knox | 3:22 |
4. | «Satin Doll» | Edward Kennedy Ellington | 4:16 |
5. | «Until Tomorrow» | Terry Callier | 5:39 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Alley-Wind Song» | Terry Callier | 9:04 |
7. | «Can't Catch The Trane» | Terry Callier | 3:52 |
8. | «Bowlin' Green» | Holmes Daylie, Terry Callier | 8:00 |
Medverkande
endre- Terry Callier - vokal, akustisk gitar
- Charles Stepney - elektrisk piano, piano
- Phil Upchurch - gitar
- Cleveland Eaton - bass
- Louis Satterfield - bass
- Richard Evans - bass
- Donny Simmons - trommer
- Morris Jennings - trommer
- Alfred Nalls - perkusjon
- Bobby Christian - perkusjon
- Fred Walker - perkusjon
- Don Myrick - altsaksofon
- Ethel Merker - valthorn
- Paul Tervelt - valthorn
- Arthur Hoyle - trompet
- John Howell - trompet
- Edward Druzinsky - harpe
- Errol Batts - korvokal
- Larry Wade - korvokal
- Phylis Knox - korvokal
- Fiolinar: Elliott Golub, Everett Zlatoff-Mirsky, Irving Kaplan, Jerry Babransky, Joseph Golan, Ruth Goodman, Sol A. Bobrov, Theodore Silavin, William Faldner
- Bratsj: Arthur W. Ahlman, Bruce Hayden, Harold D. Klatz, Harold Kupper, Roger Moulton
- Cello: Karl B. Fruth, Leonard Chausow
Arrangement av Bob Schiff (spor A1, A3), Charles Stepney (spor A2, A5, B2), Richard Evans (spor A4, B1, B3)
- Teknisk
- Produsent: Charles Stepney, Larry Wade, Terry Callier
- Produksjonsmanager: Bob Scerbo
- Lydteknikarar: Gary Starr, Roger Anfinsen, Fred Breitberg, Malcolm Chisholm
- Fotografi av Neil Terk
- Design av Neil Terk
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Ankeny, Jason. I Just Can't Help Myself på Allmusic