Phil Upchurch

amerikansk musikar

Phil Upchurch (fødd 19. juli 1941 i Chicago)[1] er ein amerikansk blues-, jazz- og R&B- gitarist og bassist.

Phil Upchurch

Fødd19. juli 1941 (83 år)
FødestadChicago
OpphavUSA
Sjangerjazz, blues
Instrumentbassgitar, gitar, bass
PlateselskapMilestone
Verka somjazzmusikar, jazzgitarist, komponist

Karriere

endre

Upchurch starta karrieren sin med The Kool Gents, The Dells og The Spaniels før han arbeidde med Curtis Mayfield, Otis Rush og Jimmy Reed. Han fortsette å arbeide med Kool Gents-medlemmet Dee Clark, og mellom anna spelte han gitar på solohitten til Clark i 1961, «Raindrops». Han drog så attende til Chicago for å spele med Woody Herman, Stan Getz, Groove Holmes, B.B. King og Dizzy Gillespie.

I 1961 selde singelen hans «You Can't Sit Down», av The Philip Upchurch Combo over ein million eksemplar og fekk gullplate.[2] «You Can't Sit Down, Part 2» nådde 29. plassen på Billboard-lista i USA.[3] I 1960-åra turnerte han med Oscar Brown og spelte på konsertalbumet Mr. Oscar Brown, Jr. Goes to Washington frå 1965. Han vart òg fast gitarist for Chess Records og spelte med The Dells, Howlin Wolf, Muddy Waters, Gene Chandler, John Lee Hooker, Grover Washington jr.[4] og Cannonball Adderley. Upchurch var ein del av ei gruppe kalla The Soulful Strings i 1960-åra, før han arbeidde med Rotary Connection på Chess-etiketten Cadet.

I 1970-åra arbeidde han med Donny Hathaway, Harvey Mason, Ramsey Lewis, Quincy Jones og leia sin eigen kvartett med Tennyson Stephens.[4] Han møtte Bob Krasnow og Tommy Li Puma, som leia Blue Thumb Records og gav ut Darkness Darkness for dei. Upchurch spelte på Donny Hathaway sine «This Christmas» og «The Ghetto». Han spelte òg gitar på albumet hans, Live i 1972.[5] I midten av 1970-åra og i 1980-åra spelte han med George Benson,[4] Mose Allison, Gary Burton, Lenny Breau,[6] Joe Williams, Chaka Kahn, Natalie Cole, Carmen McRae, Cat Stevens, David Sanbourne og Michael Jackson.

I 1990-åra arbeidde han med Jimmy Smith og Jack McDuff.

Sonen hans er trommeslagaren Sean Rickman.

Diskografi

endre

Som leiar

endre
  • You Can't Sit Down, Part Two - 1961
  • The Big Hit Dances: The Twist... - 1962
  • Feeling Blue: The Phil Upchurch Guitar Sound - 1967
  • Upchurch - med Donny Hathaway på piano.
  • The Way I Feel - 1970
  • Darkness, Darkness - 1972
  • Lovin' Feeling - 1973
  • Upchurch/Tennyson med Tennyson Stephens - 1975
  • Phil Upchurch - 1978, produsert av John Tropea og George Benson.
  • Free & Easy - 1982
  • Revelation - 1982
  • Name Of The Game - 1983
  • Companions med Jimmy Witherspoon - 1984
  • Phil Upchurch Presents L.A. Jazz Quintet - 1986 med Brandon Fields, Bobby Lyle, Brian Bromberg, Harvey Mason.
  • Dolphin Dance - 1987
  • Midnite Blue - 1991 samling av songar på JAM.
  • All I Want - 1991
  • Whatever Happened To The Blues - 1992
  • Love Is Strange - 1995
  • Rhapsody & Blues - 1999
  • Tell The Truth! - 2001, produsert av Carla Olson.
  • Impressions Of Curtis Mayfield av Jazz Soul Seven - 2012 produsert av Brian Brinkerhoff; samprodusert og arranert av Phil Upchurch
  • Paint It Black - 1966
  • Groovin' with the Soulful Strings - 1967
  • Another Exposure - 1968
  • The Magic of Christmas - 1968
  • Back by Demand: The Soulful Strings in Concert - 1969
  • String Fever - 1969
  • Play Gamble-Huff - 1971
  • The Best of the Soulful Strings - 1972

Som sidemann

endre

Med George Benson

Med Stan Getz

Med Dizzy Gillespie

Med Donny Hathaway

  • Live - Atco, 1972

Med Red Holloway

Med Hubert Laws

Med Ramsey Lewis

Med Jack McDuff

Med Carmen McRae

Med Ben Sidran

Kjelder

endre
  1. Feather, Leonard & Gitler, Ira The Biographical Encyclopedia of Jazz Oxford University Press US, 2007 ISBN 0-19-532000-X
  2. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 140. ISBN 0-214-20512-6. 
  3. Joel Whitburn, Top Pop Singles. 12th edition, 2009, p. 1013.
  4. 4,0 4,1 4,2 Phil Upchurch page via soulwalking.com
  5. http://www.discogs.com/Donny-Hathaway-Live/.../488288
  6. Phil Upchurch, «Companions» - Jam Records LP 021, 1984

Bakgrunnsstoff

endre