I Love to Boogie
Singel av T. Rex
frå albumet Dandy in the Underworld
B-side

Baby Boomerang

Utgjeve 5. juni 1976
Innspelt Mai 1976
Sjanger Glamrock
Lengd 2:15
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) Marc Bolan
Produsent Marc Bolan
T. Rex-kronologi 
«London Boys»
(1976)
I Love to Boogie «Laser Love»
(1976)


«I Love to Boogie» er ein song av det engelske rockebandet T. Rex. Han vart spelt inn i mai 1976 og gjeven ut på singel i juni same året på EMI. Året etter kom han ut på det siste studioalbumet til T. Rex, Dandy in the Underworld. B-sida til singelen var «Baby Boomerang», henta frå eit tidlegare T. Rex-album, The Slider (1972).

Innspeling endre

«I Love to Boogie» vart spelt inn og miksa i løpet av same dagen av lydteknikaren Ian Maidman i Decibel Studio i Stamford Hill, London.[1]

Utgjeving endre

Songen låg i alt ni veker inne på singellista i Storbritannia og nådde 13. plassen.[2]

Songen var kontroversiell då han kom ut, fordi han likna på Webb Pierce sin «Teenage Boogie», som fekk rockabillies til å brenne eksemplar av singelen utafor ein pub i Old Kent Road i South East London. DJ Geoff Barker klaga over at «Songane er så like at det ikkje kan vere tilfeldig.» Då forlaget til Pierce kontakta kontoret til Bolan, hyrte manageren til Bolan, Tony Howard, ein musikkforskar til å analysere begge songane. Musikkforskaren skreiv at «Teenage Boogie» var i seg sjølv basert på eit riff som hadde eksistert lenge før den songen vart skriven.[3]

«I Love to Boogie» er blant dei mest kjende songane til T. Rex og ein av dei mest populære hittane.[4]

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[5] Sølv 200 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. «o'halloran & wright - the roadies». Marcbolanmusic.com. Arkivert frå originalen 12. oktober 2016. Henta 11. oktober 2016. 
  2. «T Rex | Official Charts Company». Official Charts. Henta 16. juli 2021. 
  3. Paytress, Mark (2006). Bolan: The Rise and Fall of a 20th Century Superstar. London: Omnibus Press. s. 305–306. 
  4. Haydon, John (1. desember 2012). «The List: Top 10 T. Rex Songs – Washington Times». The Washington Times. Arkivert frå originalen 3. desember 2012. Henta 16. juli 2021. 
  5. «British single salstrofé – T-Rex – I Love to Boogie». British Phonographic Industry.  Enter I Love to Boogie in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go