The Slider
Studioalbum av T. Rex
Utgjeve 21. juli 1972
Innspelt Mars og april 1972
Studio Rosenberg i København; Château d'Hérouville i Paris; Elektra i Los Angeles
Sjanger Glamrock
Lengd 43:55
Selskap T. REX (Storbritannia), Reprise (USA)
Produsent Tony Visconti
T. Rex-kronologi 
Electric Warrior
(1971)
The Slider Tanx
(1973)


Singlar frå The Slider
  1. «Telegram Sam»
    Utgjeve: Januar 1972
  2. «Metal Guru»
    Utgjeve: Mai 1972

The Slider er eit album frå 1972 av Marc Bolan-bandet T. Rex, det sjuande sidan debutalbumet deira som Tyrannosaurus Rex i 1968, og det tredje under namnet T. Rex. Det kom ut 21. juli av plateselskapet EMI og Reprise. To singlar, «Telegram Sam» og «Metal Guru», kom ut for å marknadsføre albumet.

The Slider fekk ros frå kritikarane og nådde fjerdeplassen på albumlista i Storbritannia og 17. plassen i USA.

Innspeling og produksjon endre

Etter tips frå Elton John vart The Slider spelt inn utafor Paris på Château d'Hérouville for å unngå britiske skattelover.[1] Innspelinga byrja i mars 1972 og dei grunnleggjande spora var fullførte i Strawberry Studios i løpet av fem dagar.[1][2] Ein av songane spelte inn i Chateau var «Metal Guru».[2] Bolan skildra songen som ein «livsfest-song», og at han relaterte «Metal Guru» til «alle gudar rundt om... ein særskild, eit gudsoverhovud. Eg tenkte korleis gud var. Han ville vere heilt aleine utan telefon».[3]

Fleire innspelingar vart gjort mot slutten av mars i Rosenberg Studios i København.[2] Korvokalen til Flo & Eddie vart spelte inn i Elektra Studios i Los Angeles i april.[2]

Som alle tidlegare T. Rex-album vart The Slider produsert av Tony Visconti.

Plateomslag endre

I følgje plateomslaget tok Ringo Starr bileta på fram- og baksida. Fotografia vart tekne same dagen som Starr filma T. Rex-dokumentaren Born to Boogie heime hos John Lennon i Tittenhurst Park. Produsenten Tony Visconti meiner det ikkje var Starr som tok bileta og sa «Marc [Bolan] gav meg det motoriserte Nikon-kameraet hans og bad meg om å fyre laus to rullar med svartkvitfilm medan me var på settet til Born to Boogie. Ringo, som regisserte filmen, var travel heile dagen med å filme. Men Marc såg det tydelegvis som ein mogelegheit og førte Ringo opp som fotograf.»[4]

Utgjeving endre

Det vart gjeve ut to singlar for å marknadsføre The Slider. Den første var «Telegram Sam», som kom ut i januar 1972 og nådde toppen av singellista i Storbritannia. Han låg 12 veker inne på lista.[5][6] «Telegram Sam» nådde òg 67. plassen på Pop Singles-lista i USA.[7] Den andre singelen var «Metal Guru», som kom ut i mai 1972. Denne låg fjorten veker inne på singellista i Storbritannia og gjekk òg heilt til topps på lista.[5][6] Denne gjekk ikkje inn på lista i USA.[7]

The Slider kom ut 21. juli 1972 på plateselskapa EMI i Storbritannia og Reprise i USA. Det gjekk inn på den britiske albumlista 5. august 1972 og vart liggande der i 18 veker med ein fjerdeplass som høgaste plassering.[8] I USA, der albumet vart marknadsført med ein TV-reklame der bandet mima til «Chariot Choogle», nådde det 17. plassen på Billboard Top LPs & Tapes-lista.[7]

Nyutgjevingar endre

The Slider kom ut på ny i Storbritannia i 1985 på selskapet Marc On Wax. Songane som kom ut i 1972 på andre format enn på albumet vart inkludert på ei bonusplate (bonusspor på CD-utgåva). Ei japansk CD-utgåva på SMS records frå 1986 nytta same sporlista, men var ein annan master. Seinare CD-utgåver på Teldec og Relativity kom utan bonusspora. The Slider vart ommastra igjen for CD av Edsel Records i 1994 som ein del av den omfattande kampanjen med nyutgjevingar av T. Rex og det vart lagt til ei rekkje bonusspor. Ei tilhøyrande utgjeving, kalla Rabbit Fighter (The Alternate Slider), kom ut i 1995 og inneheld alternative versjonar og radioopptak av songar frå hovudalbumet og bonusspora. Ein kombinert CD med begge desse kom ut i 2002. Same året vart fleire spor frå Slider-innspelingane gjevne ut på Thunderwing Productions Limited (TPL), eigarane av fleire originale ¼", 1" og 2" masterlydband av Marc Bolan og T. Rex. Desse spora kom ut som The Slider Recordings. I 2010 vart The Slider ommastra og gjeve ut på ny på Fat Possum Records.

I 2012 kom ei 40-årsjubileumsutgåve ut med ei ny ommastring av Visconti, inkludert B-sider, unytta opptak og ein tidlegare uhøyrt demo av tittelsporet frå den private samlinga til Visconti. Samlinga bestod av to CD-plater og ein 180-grams vinyl. I tillegg vart dei tre singlane gjevne ut på eigne vinylplater. Det vart òg inkludert ein DVD med eit 105-minuttar langt intervju med Visconti i lag med arkivopptak av intervju og TV-opptak.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [9]
Consequence of Sound     [10]
PopMatters          [11]
Pitchfork9.5/10[12]
Q     
Rolling Stone     

The Slider har generelt fått god omtale av kritikarane.

I ei seinare melding skreiv Steve Huey i AllMusic: «Sjølv om det stort sett tråkkar opp dei same stiane som Electric Warrior, er The Slider feilfritt utført, og ein like stor klassikar som føregangaren.»[9] Andy Beta i Pitchfork gav albumet 9,5/10 og skreiv at albumet «markerte både høgdepunktet og nær kanten av stupet for T. Rextasy. Det vart innspelt i eit falleferdig slott i Frankrike og fanga Marc Bolan som kongen av glam på sitt absolutt mektigaste.» LA Weekly hylla albumet som «eit særskild unikt meisterverk»[13]

Ettermæle endre

Johnny Marr i The Smiths har omtalt albumet som ei av sine favorittplater og sa «The Slider kom ut og hadde 'Metal Guru' på seg. Det var ein song som endra livet mitt sidan eg aldri hadde høyrt noko så vakkert og så rart, men likevel så fengande. 'Telegram Sam' var òg på det albumet og heile greia hadde ein uvanleg skummel og rar atmosfære, særleg med tanke på at det nådde toppen av lista og dei i røynda var eit teenybop-band».[14] Gary Numan har òg hylla det blant favorittane sine: «Song etter song etter song… og tittelsporet. Det er ikkje eit typisk tittelspor. Du ville vanlegvis ha gått for ein av dei store singlane og The Slider har denne særs langsame, late grooven. Det er bere flott. Det er berre det mest sexy sporet».[15]

«Ballrooms of Mars» vart nytta i komedien School of Rock i 2003 og vart nytta som kjenningsmelodi i den spanske TV-serien Punta Escarlata. «Ballrooms of Mars» vart òg nytta i filmen Dallas Buyers Club i 2013. Teksten på songen «Baby Boomerang» vart ein del av plottet i ein episode av Cannon i 1973, «The Hard Rock Roller Coaster.»

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Marc Bolan.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Metal Guru»2:25
2.«Mystic Lady»3:09
3.«Rock On»3:26
4.«The Slider»3:22
5.«Baby Boomerang»2:17
6.«Spaceball Ricochet»3:37
7.«Buick Mackane»3:31
Total lengd:21:57
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Telegram Sam»3:42
2.«Rabbit Fighter»3:55
3.«Baby Strange»3:03
4.«Ballrooms of Mars»4:09
5.«Chariot Choogle»2:45
6.«Main Man»4:14
Total lengd:21:08
Bonusspor på Marc On Wax/SMS-utgåva
Nr.TittelLengd
14.«Thunderwing»3:44
15.«Lady»2:10
16.«Children of the Revolution»2:27
17.«Jitterbug Love»2:52
18.«Sunken Rags»2:49
19.«Solid Gold Easy Action»2:16
20.«Cadilac»3:48
Bonusspor på Code 90-utgåva
Nr.TittelLengd
14.«Cadilac»3:53
15.«Thunderwing»3:46
16.«Lady»2:12
Bonusspor på Rhino-utgåva
Nr.TittelLengd
14.«Cadilac»3:53
15.«Thunderwing»3:46
16.«Lady»2:12
17.«Metal Guru»2:32
18.«Mystic Lady»3:22
19.«Rock On»3:37
20.«The Slider»3:28
21.«Thunderwing»2:58
22.«Spaceball Ricochet»3:43
23.«Buick McCane»3:49
24.«Telegram Sam»2:30
25.«Rabbit Fighter»4:02
26.«Baby Strange»3:00
27.«Ballrooms of Mars»4:13
28.«Cadilac»3:31
29.«Main Man»6:06
30.«Lady»2:01
31.«Sunken Rags»3:59
Bonusspor på Thunderwing-utgåva
Nr.TittelLengd
14.«Cadilac»4:13
15.«Thunderwing»3:51
16.«Lady»5:03
17.«Sunken Rags»4:04
Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
1.«Cadilac»4:13
2.«Thunderwing»3:51
3.«Lady»5:03
4.«Rock On» (unytta opptak)3:34
5.«The Slider» (akustisk opptak)3:28
6.«Buick McCane» (unytta opptak)3:49
7.«Sugar Baby (Rabbit Fighter)»3:49
8.«Baby Strange» (uferdig)3:12
9.«Slider Blues» (heimedemo)3:58
10.«Buick Mackane II» (unytta opptak)5:13
11.«Baby Strange» (unytta opptak)4:10
12.«Ballrooms of Mars» (unytta opptak)4:10
13.«The Slider» (akustisk demo)3:46
14.«Radio Interview, 26. august 1972»14:33
15.«Telegram Sam (DVD disc: Top of the Pops, 19. januar 1972)» 
16.«Metal Guru (DVD disc: Top of the Pops, 24. mai 1972)» 
17.«Metal Guru (DVD disc: Christmas Top of the Pops, 21. desember 1972)» 
18.«Cadillac (DVD disc: Music in the Round, 8. desember 1971)» 
19.«Spaceball Ricochet (DVD disc: Music in the Round, 8. desember 1971)» 
20.«Telegram Sam (DVD disc: Music in the Round, 8. desember 1971)» 
21.«Marc Bolan Interviewed By Russell Harty (DVD disc: Eleven Plus, 23. juli 1972)» 

Medverkande endre

Teknisk
  • Tony Visconti – produsent
  • Ringo Starr – fotografi
  • Dominique Freddy Hansson – lydteknikar
  • David Katz – orkestermaster[17]
  • Mick O'Halloran – utstyrsteknikar
  • Micky Marmalade – utstyrsteknikar

Salslister endre

Liste (1972) Plassering
Australia (Kent Music Report)[18] 13
UK Albums Chart 4
USA (Billboard 200) 17

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Paytress 2002, s. 208.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Paytress 2002, s. 209.
  3. Thompson, Dave. «Metal Guru – T. Rex | Listen, Appearances, Song Review | AllMusic». AllMusic. Henta 15. juli 2021. 
  4. Visconti, Tony. «Tony Visconti v3.0». tonyvisconti.com. Arkivert frå originalen 18. mars 2004. Henta 15. juli 2021. 
  5. 5,0 5,1 Paytress 2002, s. 341.
  6. 6,0 6,1 Warwick 2004, s. 1082.
  7. 7,0 7,1 7,2 «The Slider – T. Rex | Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 15. juli 2021. 
  8. Warwick 2004, s. 1083.
  9. 9,0 9,1 Huey, Steve. «The Slider – T. Rex | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 15. juli 2021. 
  10. Young, Alex (27. oktober 2010). «T.Rex – The Slider | album Reviews | Consequence of Sound». Consequence of Sound. Henta 15. juli 2021. 
  11. Nelson, Dylan (9. desember 2010). «T. Rex: The Slider». PopMatters. Henta 15. juli 2021. 
  12. Beta, Andy. «T. Rex - The Slider». Pitchfork. Condé Nast. Henta 16. juli 2021. 
  13. Clayton, Chuck. «T. Rex, Baby.». Laweekly.com. 15. februar 2006. Henta 2. april 2021.
  14. Freeman, John (16. juni 2015). «Rubber Rings: Johnny Marr's Favourite Albums». The Quietus. Henta 16. juli 2021. 
  15. Marszalek, Julian (6. desember 2012). «Music For A Chameleon: Gary Numan's 13 Favourite Albums». The Quietus. Henta 16. juli 2021. 
  16. http://magnetmagazine.com/2019/10/28/a-conversation-with-tony-visconti/
  17. The Slider (Liner notes). EMI. 1972. 
  18. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 302. ISBN 0-646-11917-6. 

Bakgrunnsstoff endre