I Might Have Been Queen

I Might Have Been Queen
Song av Tina Turner
frå albumet Private Dancer
Utgjeve 16. november 1984
Sjanger rock
Lengd 4:10
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Jeanette Obstoj, Rupert Hine, Jamie West-Oram, Tina Turner*
Produsent Rupert Hine

«I Might Have Been Queen» er ein song skriven for Tina Turner som det første sporet på det populære albumet Private Dancer, og seinare gjeven ut i ein remiksa versjon, med ein noko anna tekst i første verset på filmmusikkalbumet What's Love Got to Do With It.

Songen vart skriven av Jeanette Obstoj, Rupert Hine og Jamie West-Oram for Private Dancer. Han blir fortald frå synspunktet til ein person som er «eit nytt par auge» som lengter etter at nokon skal kjenna att at ho «kunne vore dronning».[1]

Soga bak songen er at Turner meinte ho hadde vore ei egyptisk dronning i eit tidlegare liv. Turner var visstnok Hatshepsut, ein farao som tok trona frå bror sin då ho trudde at han ville øydeleggje landet. Ved å ta trona og mishandle broren, hindra ho han frå å følgja vegen sin og fekk karma. Turner trur at ho i dette livet møtte han igjen i form av Ike Turner.

«I Might Have Been Queen» vart framført under Private Dancer-turneen og under konserten i Radio City Music Hall i New York City (17. juli 1993).

Kjelder endre

  1. Heile songtekstenMetroLyrics

Bakgrunnsstoff endre