I Need Your Love Tonight

I Need Your Love Tonight
Singel av Elvis Presley
frå albumet 50,000,000 Elvis Fans Can't Be Wrong
A-side

«A Fool Such as I»

Språk engelsk
Utgjeve 10. mars 1959
Innspelt 10. juni 1958, RCA Studios, Nashville i Tennessee
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:05
Selskap RCA
Komponist Sid Wayne, Bickley Reichner
Tekstforfattar Sid Wayne, Bickley Reichner
Låtskrivar(ar) Sid Wayne, Bix Reichner
Elvis Presley-kronologi 
«One Night»

(1958)

I Need Your Love Tonight «A Big Hunk o' Love»

(1959)


«I Need Your Love Tonight» er ein song skriven av Sid Wayne og Bix Reichner[1] og spelt inn av Elvis Presley den 10. juni 1958, i RCA Studios i Nashville i Tennessee.[2] Han var den første av fleire singlar som vart spelt inn under ei siste innspeling før Presley drog i hæren. Han kom ikkje attende i studio før våren 1960.

Songen nådde fjerdeplassen på Billboard-lista i 1959.[3] Han vart utgjeve som ei dobbel A-side med «A Fool Such as I», og songen låg fem veker på toppen av UK Singles Chart i mai 1959.[1]

I popkulturen endre

I 1985 spelte Alvin and the Chipmunks inn ein versjon kalla «I Need That Gold Tonight» for internasjoanle versjonar av Alvin and the Chipmunks-episode «The Gold of My Dreams».

Andre versjonar endre

Songen vart omsett til tysk av Claus Ritter og framført av Tommy Kent i 1959 som «Ich brauche dich dazu». Johnny Farago omsette og framførte ein franskspråkleg versjon av songen i 1976 kalla «Donne-moi ton amour». Året etter omsette og framførte Bamse songen på ådansk som «Jeg vil nyde at få lov». Ein nederlandsk versjon omsett av Rob Peters og John Spencer, vart framført av Spencer som «Blijf bij mij vannacht» i 1985.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 43. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. «I Need Your Love Tonight : by Elvis Presley : Elvis Australia : Official Elvis Presley Fan Club». Lyrics.elvispresley.com.au. Henta 30. september 2016. 
  3. «Sitemap». Elvis.com. Henta 30. september 2016. 

Bakgrunnsstoff endre