King Creole
Filmmusikk av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 19. september 1958
Innspelt 1958
Sjanger
Lengd 21:35
Selskap RCA Victor
Produsent Walter Scharf, Phil Khagan
Elvis Presley-kronologi 
Elvis' Golden Records
(1958)
King Creole For LP Fans Only
(1959)
Singlar frå King Creole
  1. «Hard Headed Woman»
    Utgjeve: 10. juni 1958
  2. «King Creole»
    Utgjeve: 1958 (Europa)

King Creole er det sjette albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i september 1958,[4] og spelt inn i løpet av fire dagar i Radio Recorders i Hollywood. Det inneheld songar skrivne og spelt inn for filmen med same namn og nådde andreplassen på Billboard Top Pop Albums-lista.[5] Albumet selde til gullplate 15. juli 1999 hos Recording Industry Association of America.[6]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
MusicHound4/5 stars[2]
Rough Guides3/5 stars[3]

Innhald endre

Dei fleste av songane kom frå låtskrivarar som arbeidde for Hill and Range, eit songforlag som Presley eigde i lag med Colonel Tom Parker: Fred Wise, Ben Weisman, Claude Demetrius, Aaron Schroeder, Sid Tepper og Roy C. Bennett. Jerry Leiber og Mike Stoller var relativt lite medverkande, etter at dei hadde kome på kant med Parker under den forrige filmen, Jailhouse Rock (1957), der dei praktisk talt dominerte musikkproduksjonen. Parker var rasande over at låtskrivarar hadde så lett tilgang til Presley utan å gå gjennom Parker sine «rette kanalar», særleg sidan dei òg hadde prøvd å påverke filmretninga til Presley med å gje han ein ide om å gjere ein film av Nelson Algren-romanen A Walk on the Wild Side (1956) med Elia Kazan som regissør og musikk av Leiber og Stoller.[7] Parer sette foten ned for slike innfall, men duoen klarte likevel å få med tre songar i filmen, inkludert tittelsporet og «Trouble». Framsyninga til Presley av «Trouble» i filmen syner til Muddy Waters og Bo Diddley. Han spelte songen på det særs suksessrike fjernsynsprogrammet hans i 1968.

Songane «Hard Headed Woman» og «Don't Ask Me Why» vart gjeven ut på singel 10. juli 1958, samstundes med filmen. «Hard Headed Woman», A-sida, og «Don't Ask Me Why» nådde begge Billboard Hot 100-lista på høvesvis toppen av lista og 25. plassen.

RCA gav ut det originale albumet på CD i 1988. Albumet kom ut på ny i 1997 med sju bonusspor, inkludert songen «Danny» som vart spelt inn under innspelinga av albumet, seks alternative opptak der fire ikkje var gjevne ut før.

Medverkande endre

Innhald endre

Originalutgåva endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«King Creole»Jerry Leiber og Mike Stoller23. januar 19582:16
2.«As Long as I Have You»Fred Wise og Ben Weisman16. januar 19581:50
3.«Hard Headed Woman»Claude Demetrius15. januar 19581:53
4.«Trouble»Jerry Leiber og Mike Stoller15. januar 19582:16
5.«Dixieland Rock»Aaron Schroeder og Rachel Frank16. januar 19581:46
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Don't Ask Me Why»Fred Wise og Ben Weisman16. januar 19582:06
2.«Lover Doll»Sid Wayne og Abner Silver16. januar 19582:09
3.«Crawfish» (duett med Kitty White)Fred Wise and Ben Weisman15. januar 19581:48
4.«Young Dreams»Aaron Schroeder og Martin Kalmanoff23. januar 19582:23
5.«Steadfast, Loyal and True»Jerry Leiber og Mike Stoller11. februar 19581:15
6.«New Orleans»Sid Tepper og Roy C. Bennett15. januar 19581:58

Bonusspor på 1997-utgåva endre

Spor 1-11 bestod av dei originale albumspora.
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
12.«King Creole» (alternativt opptak 18)Jerry Leiber og Mike Stoller15. januar 19582:04
13.«As Long as I Have You» (filmversjonen - opptak 4)Fred Wise og Ben Weisman23. januar 19581:24
14.«Danny»Fred Wise og Ben Weisman11. februar 19581:51
15.«Lover Doll» (undubbed)Wayne Silver og Abner Silver16. januar 19582:09
16.«Steadfast, Loyal and True» (filmversjonen alternativ master)Jerry Leiber og Mike Stoller16. januar 19581:15
17.«As Long as I Have You» (filmversjonen take 8)Fred Wise og Ben Weisman15. januar 19581:24
18.«King Creole» (alternativt opptak 3)Jerry Leiber og Mike Stoller15. januar 19582:04

Spor 3 («Danny») var opphavleg gjeven ut på plata Elvis: A Legendary Performer Volume 3 (CPL1-3082) i desember 1978.

Lister og salstrofé endre

Plassering endre

Lister År Plassering
UK Albums Chart[8] 1958 1

Salstrofé endre

Land Salstrofé Sal
USA Gull 500 000

Kjelder endre

  1. AllMusic review
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 112–13. ISBN 1-84353-417-7. 
  4. Combs, Paul (2009–2013). «The Elvis Presley Record Research Database: King Creole». elvisrecords.us. Henta 6. oktober 2016. 
  5. «Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 5. oktober 2016. 
  6. «Searchable datebase». RIAA. 2013. Henta 27. september 2016.  Merk: Søk på «Presley, Elvis»
  7. Guralnick, Peter. The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50s Masters, 1992, box set insert booklet, s. 46-48.
  8. «Chart Stats - Elvis Presley - King Creole». chartstats.com. Arkivert frå originalen 21. juli 2012. Henta 6. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff endre