Hamnvik er kommunesenteret i Ibestad kommune i Troms. Tettstaden ligg på søraustenden av øya Rolla, ved sundet Bygda, og har 446 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Hamnvik
stad
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Ibestad
Areal 0,69 km²
Folketal 446  (2023)
Folketettleik 646 / km²
Postnummer 9450 HAMNVIK
Preposisjon i Hamnvik
Kart
Hamnvik
68°46′41″N 17°10′28″E / 68.77805556°N 17.17444444°E / 68.77805556; 17.17444444
Wikimedia Commons: Hamnvik

I Hamnvik er det servicefunksjonar og administative funksjonar som kommuneadministrasjon, lensmannskontor, lækjar, sjukeheim, kyrkje og prest, barneskule, ungdomsskule, matbutikkar, sportsbutikk, elektrisk forretning, blomebutikk og jarnvarehandel.

Staden har undersjøisk vegsamband til Andørja via Ibestadtunnelenriksveg 848. Frå Hamnvik går riksvegen sørover langs kysten av Rolla til Sørrollnes, der vegen fortset med ferje over fjorden til Harstad. Mellom Nordrollnes og Hamnvik går fylkesveg 131.

Hamnvik handelsstad

Namnet Hamnvik skriv seg frå ei vik litt sørom det som i dag er tettstaden. I denne vika etablerte Jens Bing Dons ein handelsstad på slutten av 1700-talet. Handelsstaden er i dag nedlagd. Han har vore i eiga til familien fram til i dag og er eit godt bevart døme på ein tradisjonell nordnorsk handelsstad.

SSB kallar staden Ibestad i sine tettstadoversikter.

Bakgrunnsstoff

endre