Ida er eit kvinnenamn av germansk opphav. Namnet kjem av id som tyder arbeid. Det er kjend frå gammalhøgtysk Ita og frå gammalsaksisk.

Ida Brun, dansk skodespelar.
Forfattaren Ida von Hahn-Hahn.
Skodespelaren Ida Lupino.

Ida har namnedag i Noreg den 4. september, i Sverige den 14. september.

Bruk endre

Bruken av namnet byrja å gå opp rundt 1975 og nådde ein topp mot slutten av 1980-talet, då det blei gjeve til over 2 % nyfødde jenter. I dag heiter 15 390 norske kvinner Ida (2005).

Namnet blei spreidd i den engelsktalande verda gjennom Alfred Tennyson sitt dikt The Princess (1847) som seinare blei gjort om til den komiske operaen Princess Ida (1884) av Gilbert og Sullivan.

Namnet Ida er særleg kjend i Skandinavia etter bøkene, tv-serien og filmane om Emil i Lönneberget frå 1970-talet, der Ida var namnet på veslesøstera til Emil.

Kjende namneberarar endre

Menn endre

Sjå og endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre