Opna hovudmenyen

Ida Hjort Kraby (fødd 2. september 1960) er ein norsk jurist. Ho vart tilsett som advokat ved Regjeringsadvokaten i september 1993. Kraby var konsulent og rådgjevar i Justisdepartementet si lovavdeling frå 1988 til 1992.

Ida Hjort Kraby
Fødd 2. september 1960
Yrke advokat

Ida Hjort Kraby er dotter av høgsterettsadvokaten Pål Kraby. Ho er utdanna ved Universitetet i Oslo der ho tok juridisk embetseksamen i 1988. Under studietida hadde ho eit opphald ved Harvard Law School.

Kraby blei utnemnd til nytt barneombud i Noreg av Kongen i statsråd den 8. februar 2008, og skulle ha byrja i stillinga i april, men valde allereie 14. februar å trekkje seg frå stillingan. Det skjedde etter at det blei klart at barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen, som hadde tilsett ho, etter sterkt press valde å trekkje seg frå regjeringa grunna kritikk i samband med nett denne tilsetjinga.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra