Ida Alstad
Ida Alstad (fødd 13. juni 1985) er ein norsk handballspelar frå Trondheim, som i alle sine år som aktiv har spela for Byåsen Idrettslag. Ho har i perioden 2009-12 vunne VM-gull og -bronse, EM-gull og i 2012 OL-gull. Alstad er vanlegvis venstre rykkrom-spelar.
Ida Alstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. juni 1985 (39 år) Trondheim |
Yrke | handballspelar |
Høgd | 172 centimeter |
Aktiv
endreAlstad var med på Byåsen sitt lag som i 2007 tapte finalane i den europeiske cupvinnarcupen mot Oltchim Valcea frå Romania, etter 24-30 heime og 29-29 borte. Her spela ho på lag med Tonje Nøstvold, Gøril Snorroeggen, Marit Malm Frafjord, Vigdis Hårsaker, Camilla Herrem og Kari Aalvik Grimsbø.
Alstad debuterte på Noregs landslag 23. september 2009 mot Ungarn. Ho var med i alle meisterskapstroppene til Noreg i perioden 2009-12. I sin meisterskapsdebut i 2009 vann ho bronsemedalje i VM etter norsk siger 31-24 over Spania, medan ho i 2010 vart europameister og 2011 verdsmeister, etter sigrar over høvesvis Sverige og Frankrike.
Under OL 2012 i London spela ho ein god kamp i finalen då Noreg vart olympisk meister etter siger 26-23 over Montenegro.
Til august 2012 har Alstad spela 76 landskampar og skåra 183 mål for Noreg.
Merittar
endre- VM 2009: Bronsemedalje etter 26–21 mot Spania
- EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige
- VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike
- OL 2012: Gullmedalje etter 26–23 over Montenegro
- EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro
- VM 2013: Nr 5 med Noreg
- EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania
- VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland
- OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ida Alstad» frå Wikipedia på tysk, den 28. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Ida Alstad - Biografi hos Norges Håndballforbund
- Ida Alstad – Biografi hos European Handball Federation