Ida Lindtveit Røse
Ida Lindtveit Røse (fødd 3. desember 1992) er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti.
Ida Lindtveit Røse | |||
| |||
Fødd | 3. desember 1992 (32 år) Oppegård | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politisk rådgiver, politikar | ||
Ektefelle | John Anders Røse | ||
Medlem | Kristeleg Folkepartis Ungdom | ||
Alle verv |
Bakgrunn
endreIda Lindtveit Røse har ein bachelorgrad i europastudiar frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd som rådgjevar for Abelia, NHO si foreining for kunnskaps- og teknologiverksemder, og arbeidd som seniorrådgjevar i PR-byrået First House.[1][2]
Politisk karriere
endreRøse sat i kommunestyret og var gruppeleiar for KrF i Oppegård kommune frå 2011 til 2019.[3] I 2019 vart ho vald inn som gruppeleiar for KrF på fylkestinget i Viken.[4]
Røse var leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom frå 2015 til 2017.
Den 26. mai 2020 vart Røse konstituert som statsråd for Barne- og familiedepartementet medan den opphavlege barne- og familieministeren Kjell Ingolf Ropstad avvikla foreldrepermisjon, frå 1. juni til og med 21. august 2020.[5][6] Røse vart hermed den yngste statsråden i Noreg.
På landsmøtet til KrF den 22. april 2023, vart ho vald til andre nestleiar i partiet.[7]
Familie
endreRøse er gift med John Anders Lindtveit Røse, og saman har dei to born.
Kjelder
endre- ↑ Nøttveit, Andrea Rygg (24. mai 2020), «Ida Lindtveit Røse (27) vert tidenes yngste statsråd», Framtida, henta 22. april 2023
- ↑ Fossen, Cato Husabø (23. mai 2020), «Ida Lindtveit Røse (27) frå KrF blir tidenes yngste statsråd: – Køddar du no?», NRK, henta 22. april 2023
- ↑ «Kristelig Folkeparti» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 24. oktober 2017. Henta 20. desember 2016.
- ↑ Rødland, Solveig. «Partifordeling og gruppeledelse - Viken fylkeskommune» (på norsk bokmål). Henta 23. mai 2020.
- ↑ «Ida Lindtveit Røse konstituert til statsråd», Regjeringen.no (på norsk bokmål), 26. mai 2020, henta 22. april 2023
- ↑ NTB. «Ida Lindtveit Røse (27) blir tidenes yngste statsråd i Norge» (på norsk bokmål). Henta 23. mai 2020.
- ↑ «Ida Lindtveit Røse (30) inn i KrF-ledelsen - vant stemmeduell». 22. april 2023. Henta 22. april 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Ida Lindtveit Røse» frå Wikipedia på bokmål, den 22. april 2023.
Bakgrunnsstoff
endre