Kjell Ingolf Ropstad

norsk politikar

Kjell Ingolf Ropstad (fødd 1. juni 1985) er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti. Han har vore leiar for KrF, og barne- og familieminister i regjeringa Solberg frå 22. januar 2019 til 20. september 2021.[1]

Kjell Ingolf Ropstad

Fødd1. juni 1985 (38 år)
Arendal
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
FarBjørn Alfred Ropstad
VervBarne- og familieminister 2019–2021
FøregangarLinda Hofstad Helleland
Vervleiar i KrF 2019–2021
FøregangarKnut Arild Hareide
VervStortingsrepresentant 2009– i dag
Verv2. nestleiar i KrF 2017–2019
VervKrFU-leiar 2007–2010
FøregangarInger Lise Hansen
EtterfylgjarElisabeth Løland
Alle verv

Bakgrunn endre

Ropstad er opphavleg frå Evje og Hornnes kommune i Aust-Agder, men er busett i Oslo. Han er utdanna bachelor i jus og økonomi, vart 2. nestleiar i KrF i 2017,[2] og partileiar frå 2019 til 2021.

Politisk karriere endre

Ropstad var leiar av Kristeleg Folkepartis Ungdom i perioden mellom 2007 og 2010. I 2009 vart han vald inn som stortingsrepresentant for Aust-Agder. Frå 2013 til 2017 var han andre nestleiar i Justiskomiteen. Frå 2017 til 2019 var han finanspolitisk talsmann for KrF.

Ropstad var den yngste KrF-medlemen som har møtt på Stortinget nokon gong.[3] Det gjorde han som vararepresentant for Åse Gunhild Woie Duesund i 2006, som 20-åring. Han sat også på fylkestinget i Aust-Agder og i kommunestyret i Evje og Hornnes kommune.

Hausten 2018 var Ropstad pådrivar for at partiet skulle satse på eit regjeringssamarbeid med Høgre, Framstegspartiet og Venstre. Etter at det var fleirtal for å gå inn i regjering på det ekstraordinære landsmøtet til partiet i november 2018, leidde Ropstad forhandlingane som førte til at Kristeleg Folkeparti gjekk inn i Solberg-regjeringa i januar 2019.

Partileiar endre

Den 27. april 2019 vart Ropstad vald inn som partileiar for KrF etter at Knut Arild Hareide gjekk av, da det vart eit faktum at partiet ville gå inn i Solberg-regjeringa med Framstegspartiet.[4] I 2021 måtte Ropstad gå av som partileiar etter pendlarbustad-saka, der det vart kjent at han hadde budd i Oslo utan å skatta for dette av di han var folkeregistrert som busett hjå foreldra sine i Agder.[5][6]

Statsråd endre

Frå 2019 til 2021 var Kjell Ingolf Ropstad statsråd i Barne- og likestillingsdepartementet, seinare Barne- og familiedepartementet. Han tok over ansvaret for tru- og livssynsaker frå Kulturdepartementet, medan ansvar for likestillings- og diskrimineringsspørsmål var ført over til det same departementet.[7]

Stortingskomitear endre

Kjelder endre

  1. «Endringar i regjeringa». Regjeringa.no. 22. januar 2019. Henta 27. januar 2019. 
  2. «Hareide, Bollestad og Ropstad valgt». Kristelig Folkeparti (på norsk bokmål). Henta 30. april 2017. 
  3. «Kjell Ingolf Ropstad». Allkunne. 23. januar 2019. Henta 27. januar 2019. 
  4. Jørgen Gilbrant. «Kjell Ingolf Ropstad ny KrF-leder» (på norsk bokmål). Dagbladet. Henta 22. april 2023. 
  5. Marthe Knutsen; Hallvard Norum & Kirsti Haga Honningsøy. «Ropstad går av» (på norsk bokmål). NRK. Henta 22. april 2023. 
  6. Eirin Tjoflot & Lena Jarstad. «Dette er pendlarbustad-sakene: Kjell Ingolf Ropstad (KrF)». NRK. Henta 22. april 2023. 
  7. «Kjell Ingolf Ropstad». Store norske leksikon. 23. januar 2019. Henta 27. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff endre