Idar Lars Ulstein (2. april 193429. april 2012)[1][2] var ein norsk bedriftsleiar og skipsingeniør fødd i Ulsteinvik i Ulstein. Han var son av Martin Ulstein (1893–1948) som grunnla Ulstein Mekaniske Verksted (seinare Ulstein Group) i 1917 og Inga Ulstein, fødd Knivsflå, (8. desember 1897-27. juli 1978), som var mangeårig styreleiar i bedrifta etter Martin sin død.

Idar Ulstein

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. april 1934
Ulsteinvik
Død

29. april 2012 (78 år)

Yrke forretningsdrivande

Ulstein var utdanna sivilingeniør ved skipsbyggarlinja ved Norges Tekniske Høgskole (noverande NTNU) i Trondheim. Han kom for fullt inn i Ulstein Group etter fullført utdanning i 1962, og var bedriftsleiar fram til han gjekk av som konsernsjef i 1997. Han gjekk deretter inn som styreleiar i konsernet, fram til 2011.

Under hans leiing fekk bedrifta Farmands Pris for framifrå bedriftsleiing for 1983, og han blei nokre år seinare kåra til ein av dei femten beste bedriftsleiarar i Skandinavia av det svenske Veckans Affärer. I 1988 gikk han inn for å redde den konkurstruga Sunnmørsbanken.[3] Han fekk Produktprisen 1992, som vart overrekt av Finn Kristensen på eit møte i Polyteknisk Forening. Han blei etterfølgd som konsernsjef i Ulsteingruppa i 1997 av Bård Mikkelsen. I 1997 gjekk firmaet på børsen og i 1999 blei nærmare 90% av selskapet, med unntak av skipsbyggingsaktiviteten, kjøpt opp av britiske Vickers, som nokre månader etter blei kjøpt av Rolls-Royce.

Ulstein Group blei reetablert og er i dag framleis ei familiebedrift med aktivitetar innan skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar. Idar Ulstein sin son, Tore Ulstein, er styreleiar.

Familieselskapet Ulsmo vart etablert i 1985, og skal drive industri- og næringsutvikling og formuesforvalting gjennom investeringar i maritim, finans og eiendom. Selskapet blir leia av Idar Ulstein si dotter, Ingerid Ulstein, og systera hennar, Gunvor Ulstein, er styreleiar.

Idar Ulstein var også mangeårig formann i Skipsbyggerienes Landsforening og Bergens Mekaniske Verksted, medlem i Norges Eksportråd, styremedlem for Mekaniske Verksteders Landsforening, Norges Industriforbund og Den Norske Creditbank, og medlem av rådet til Det Norske Veritas og representantskapsmedlem i Norges Hypotekforening for Næringslivet.[4]

Idar Ulstein vart i 1994 utnemnd til Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden for «forteneste av norsk industri».

Redningsselskapet sitt redningfartøy RS 158 «Idar Ulstein» har namn etter Idar Ulstein. Ein stor del av kostnadane med redningskøyta vart donert av Ulstein Group.[5]


Kjelder

endre
  1. «Idar Lars Ulstein (Utdypning)». Norsk biografisk leksikon i SNL. Henta 2. mai 2012. 
  2. Idar Ulstein er død, DN.no, 30. april 2012.
  3. Rolf Mæhle (23.9.1988). «Livredderen for Sunnmørsbanken». Aftenposten. 
  4. «Idar Ulstein 50 år: Leder som går foran». Aftenposten. 2.4.1984. 
  5. «RS 158 «IDAR ULSTEIN» - Skipsrevyen.no». www.skipsrevyen.no (på norsk bokmål). 12. april 2016. Henta 14. februar 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre