Ulstein kommune
Ulstein er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Av dei om lag 8 300 innbyggjarane bur 6 900 på Hareidlandet og 1 400 på Dimnøya. Andre bebudde øyar er Eika og Hatløya. Kommunen grensar til Hareid i aust og Herøy i vest. I søraust ligg Ørsta og Volda, som Ulstein er knytt til via Eiksundsambandet.
Ulstein kommune | ||
kommune | ||
|
||
Land | ![]() | |
---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | |
Adm.senter | Ulsteinvik | |
Areal | 97 km² | |
- land | 95 km² | |
- vatn | 2 km² | |
Folketal | 8 555 (1. januar 2018) | |
Folketettleik | 90 / km² | |
Målform | nynorsk | |
Ordførar | Knut Erik Engh (Frp) | |
Kommunenr. | 1516 | |
Wikimedia Commons: Ulstein | ||
Nettstad: www.ulstein.kommune.no | ||
Kommunesenter er Ulsteinvik. Tettstaden hadde, ifølgje SSB, 5 376 innbyggjarar per 01.01.2015. Den nærliggande tettstaden Sundgot hadde 972 innbyggjarar.
Kommunevåpenet viser ei rekke med sju taggar i gull som symboliserer dei sju skulekrinsane Ulstein kommune ein gong hadde, dette er lagt på ein blå botn. Kommunevåpenet vart laga av Asbjørn Waage i 1984.
Næringsliv og utdanningEndra
Skipsindustrien ber økonomien i kommunen. Ulstein Group, Rolls-Royce og Kleven er hjørnesteinsverksemder.
Ulsteinvik er også eit handelssenter og skulesenter. Det er 4 skulekrinsar i Ulstein: Haddal, som femner om bygdene Eiksund, Haddal og Garnes. Hasund, som femner om Dimnøya og Hasund grunnkrins. Ulsteinvik, som dekkjer gardane Osnes, Vik, Saunes, Hofset og Holseker. Ulstein, som femner om bygdelaga Skeide, Ulstein og Flø.
HistorieEndra
Utgravingane ved Osnes kyrkjegard tyder på busetnad i kommunen 5000 år attende i tid.
Ulstein er òg kjend for fotballaget IL Hødd.
FolketalsutviklingEndra
Folketalsutvikling for Ulstein kommune frå 1917:
1.1.1917[1] | 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2336a | 2335a | 2477a | 2835a | 2953a | 3436a | 4558 | 5335 | 5751 | 6615 | 7461 |
a Dette talet omfattar ikkje Eiksund krins med øya Eika, som var del av Herøy kommune fram til 1964, då det vart overført til Ulstein kommune. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.
Kjende folk frå Ulstein kommune (alfabetisk)Endra
- Per Eide (f. 1954), fotograf
- Kjetil Hasund (f. 1942), fotballspelar
- Sigvald Hasund (1868–1959), landbrukshistorikar, høgskulerektor, politikar og minister.
- Morten Moldskred (f. 1980), fotballspelar
- Dagni Myrene (f. 2002), skodespelar
- Øystein Runde (f. 1979), teikneserieskapar
- Fredrik Steen (tidlegare Knutsen), komikar
- Knut Strand (1887-1980), fiskebåtreiar og politikar
- Arild Sundgot (f. 1978), fotballspelar
- Ole Bjørn Sundgot (f. 1972), fotballspelar
- Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulsteinkonsernet, «Årets forretningskvinne» 2006.
- Idar Ulstein (1934-2012) , næringsdrivar
- Karsten Warholm (f. 1996), friidrettsutøvar
FotnotarEndra
- ↑ Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Ulstein 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå