Etikett
- Denne artikkelen handlar om etikett jamfør merkevare. For skikk og bruk i selskapslivet, sjå etikette.
Ein etikett, tagg eller merkelapp er eit papir- eller ein pergamentslapp festa til ei vare eller innpakninga hennar, med opplysningar om namnet og innhaldet i vara. Dei engelske orda label, tag og sticker svarar til dette omgrepet.
Etikett endre
Ein etikett inneheld opplysningar til kunden om mellom anna varetype, innhald, mengde, kvalitet, haldbarheit, produsent (fabrikat) og pris.[1][2] Etikettar kan vera enkle, handskrivne lappar, men kan også vera små, kunstferdig utførte reklameplakatar trykte på eigne etikett-trykkjeri til bruk på flasker, esker og hermetikk.
Iddis endre
Iddis er eit dialektord for etikett, opphavleg frå Stavanger då hermetikkindustrien hadde høgkonjunkturen sin der, frå 1860 til 1960.[3][4] Etikett vart uttala iddikett, og vart så forenkla til iddis, som moglegvis har samanheng med ordet siddis.[3][5]
Døme endre
Norske øletikettar endre
-
Etikettar på ølflasker frå det norske Ringnes Bryggeri.
-
Flasketikettar på øl frå Borg bryggeri.
-
Flasketikettar på øl frå Macks Ølbryggeri.
Sjå òg endre
Kjelder endre
- ↑ Reinstein, Univ. Trier, UB, Constanze Decker and Hagen. «Etiquette». Henta 26. desember 2016.
- ↑ Fredriksen, Jan Ivar. (12. oktober 2020). «etikett». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ 3,0 3,1 «Korleis etikett blir iddis». Stavanger museum.
- ↑ «Om museet». Norsk hermetikkmuseum. Arkivert frå originalen 26. desember 2016.
- ↑ «Det Norske Akademis ordbok», naob.no, henta 19. mars 2023
- Denne artikkelen bygger på «Etikett» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mars 2023.
Bakgrunnsstoff endre
- «IDDIS» – Norsk grafisk museum og Norsk hermetikkmuseum i Museum Stavanger.
- «DigitaltMuseum: Søk: 'etikett'». DigitaltMuseum. Henta 21. mai 2012.