Mack bryggeri
L. Macks Ølbryggeri med plasseringa si på Tromsøya det nordlegaste bryggeriet i verda.[treng kjelde] Mack tok i mai 2011 til å bygge ny fabrikk i Nordkjosbotn[1], og vil flytte produksjonen dit. Bryggeriet vart grunnlagt i 1877 av Ludwig Markus Mack. Korrekt namn er AS L. Macks ølbryggeri og mineralvannsfabrikk. Då det stod ferdig i 1877 hadde det kosta 72 000 kroner.[2]
Mack bryggeri | |||
| |||
| |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 975967093 | ||
Bransje | Bryggeri | ||
Skipa | 1877 | ||
Morselskap | Ludwig Mack AS | ||
Hovudkontor | Tromsø | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | Øl, mineralvann | ||
Grunnleggjar(ar) | Ludwig Markus Mack | ||
Adm.dir. | Harald Bredrup | ||
Tilsette | 130 | ||
Nettstad | http://www.mack.no |
Macks Ølbryggeri har i Tromsø ein eigen pub i bryggeriet som bli kalla for Ølhallen. Det er den eldste puben i Tromsø.[treng kjelde] Mack var det første bryggeri i Noreg som lanserte eit sesongøl utanom juleøl. Den 10. desember 2000 starta Nordkapp Mikrobryggeri i Honningsvåg produksjon av eige øl, dette var fram til 1. oktober 2009 det nordlegaste bryggeriet, men vart då nedlagt.
Selskapet
endreSelskapet blir leida av administrerande direktør Harald Bredrup. Eigarselskapet i konsernet er Ludwig Mack as som er morselskap i Mack Ølbryggeri as og Mack Eiendom as. Ein stor del av aksjane er eigd av Ludwig Macks etterkommarar. Selskapet omsette for 524 millionar kroner inkludert avgifter i 2006[3]. Selskapet har ca. 130 tilsette. Etter eit større underskott i 2002, måtte Mack-konsernet selje ut fiskerirelatert verksemd frå dotterselskapet Mackzymal og vart igjen eit reint bryggeri, med ein stor eigedomsmasse[4]. I mars 2008 offentleggjorde selskapet planar om å flytte produksjonen til Nordkjosbotn i Balsfjord kommune, etter over 130 års drift i Tromsø sentrum.
Ølsortar
endre- Mack pilsner - ein pilsner med relativt mykje malt
- Haakon - ein kraftigare pils som har vunne fleire prisar.
- Arctic Beer - ein litt lysare pilsner enn Mackøl
- Arctic Beer XMAS (juleøl lansert i 2011)
- Mack Isbjørn - ein såkalla "ice"
- Mack Ludwig Bayer - Bayer
- Mack Ludwig Pale Ale
- Mack Ludwig Brown Ale
- Mack Ludwig Hvete
- Mack Freeze - Alkoholfritt øl
- Mack Mørketidsøl
- Mack Fatøl
- Mack SMRPRTY - SMS-språk for "Summer party"
- Mack Sommerøl
- Mack XMASPRTY - Juleøl - SMS-språk for "Christmas party"
- Mack Gull - Lyst sterkøl
- Mack Bokøl - mørkt kraftig øl 6.5%
- Mack Høstøl - litt mørkt øl som passar til sesongen
- Mack Vårøl
- Mack Fluid - Macks nye trendøl
- Mack Afterski (lansert januar 2008, som det tredje ølet i party-serien)
Emballasjedesign
endreEmballasjeløysninga for Mack SMRPRTY vart tildelt Merket for God Design fra Norsk designråd i 2004. Oppfølgjaren, XMASPRTY, vart lansert i 2006.
Brussortar
endre- Mack Brus med sitronsmak
- Mack Grapesoda
- Mack Julebrus
- Rødebillys Rødbrus
- Fruktsjimpanse
- Bad Limes
Kjelder
endre- ↑ Det første gravetaket for ny fabrikk|http://www.nye-troms.no/nyhet.cfm?nyhetid=6996 Arkivert 2011-06-14 ved Wayback Machine.
- ↑ Mack om eiga historie|http://mack.no/om-mack Arkivert 2011-12-23 ved Wayback Machine.
- ↑ Dagens Næringsliv Mack reddet av biomedisin 15.05.2007
- ↑ Dagens Næringsliv 21.05.2005
- Denne artikkelen bygger på «Mack bryggeri» frå Wikipedia på bokmål, den 27. desember 2011.